Fyrst er ei lita meld­ing frå Julenis­sen sitt postkon­tor om årsa­ka til at nokre pre­san­gar kom seint, eller ikkje dukkar opp i det heile:

http://www.youtube.com/watch?v=_cWzpxAdzBk

Skal det vere ein tattis?

Du har kan­skje sett små born med tyg­gisen i munnen og lik­som-tatoveringar på armane? Desse plar ikkje akku­rat vere dei mest deko­ra­tive tin­ga du har sett. Det same tyk­te også Tina Roth Eisen­berg. Fak­tisk såpass myk­je at ho star­ta Tat­tly, ein nettstad som sel midler­tidi­ge tatoveringar med eit unik og fint design. Kan­skje eg skulle kjøpe slike til mi eld­ste dot­ter til burs­da­gen?

Ein sint, men koseleg kveps

Det er ikkje årsti­da då ein skal vere så redd for sinte kvep­sar, men i sam­band med lanseringa av den nye nettsi­da til Angry Wasp må me nesten åtvare mot feng­jande melo­di­ar og gode tek­star. Endre Olsen, man­nen i front, har fått hjelp av Anne L. Gjer­stad med arbei­det med sida. Begge to er fak­tisk frå Stord. Sjekk innom og høyr på tonane!

Familiefotografering

Du har sikkert bladd gjen­nom fam­i­liefo­tografia eit utal av gongar. Du har sikkert også kom­mentert dei mange artige moti­va som er teke opp gjen­nom åra. Men kan dei slå bile­ta pub­lis­ert på sida Awk­ward Fam­i­ly Pho­tos? Eg håpar i alle fall ikkje det… Du kan også sjekke ut dei beste på sam­lingssi­da Pin­ter­est.

Svaret er…

Når me fyrst er inne på fam­i­lie kan eg vel like godt ser­vere deg ein video som kan­skje kan tipse deg om du har tenkt å fri til din kjære i løpet av 2012. Eg håpar i alle fall at du får ja!

Og jula varer heilt til påske…

Ner­dane hjå Google har det tydlegvis artig når dei kon­struer­ar app­likasjo­nane og ten­es­tane deira. Der­som du går til Google Maps og ber om ret­ningsveiled­ning for gåande frå The Shire til Mor­dor får du opp eit lite pås­keegg… Berre sånn viss du lurte!

Godt nytt år!

No når juleko­r­ta er sendt ut for lenge sidan (me sendte ut siste i går) vågar eg meg fram­på med denne videoen frå View­point Cre­ative

Ha ei fort­satt god romjul og godt nytt år!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: