God jul!

Me er komen til vegs ende på julekalenderen for i år. Eg håpar den har falt i smak hjå mine lesarar, og særleg dei som er ekstra interesert i typografi. Det er på tide å ynskja god jul!

Eg må ærleg innrømme at eg var usikker på kva eg skulle putte i luka på julaftan. Ideelt sett skulle eg ha publisert ei ny skrift til deg her på kalenderen i år, men tida, den tida… Det eg derimot kan avsløre er at eg det neste året vil arbeide på ekisterande skrifter og prøve å gjere dei om til såkalla Pro-utgåver. Utan å love noko sjølvsagt. Eg skal i alle fall gjere eit heidundrande forsøk!

Men, over til noko heilt anna. Det er jo julaftan i dag, så det er vel siste frist for å sjå på julekort og julehelsingar. Her følgjer nokre typografiske eksempler på korleis enn kan gjere det, etter nokre kjappe søk på nettet:

Siste eksempel er eit fikst julekort frå bilprodusenten Volkswagen. Det er kanskje ikkje fullt så typografisk, men sidan det er bokstavane i logoen som gjer kortet, er tek eg det med likevel. Artig løyst!

Trommevirvel…

Eg rundar av med vårt eige kort som i år, som i fjor, er raska saman på eit par timar. Det som no står att er å ynskje god jul til alle mine lesarar!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.