Categories
Skrifter/typografi

Eit paradis for den typofile

Det er litle julaf­tan, det forten­er noko litt ekstra. Eg synst i alle fall at innhaldet bak luka for dagen er vel verdt å tipse deg om der­som du er inter­essert i typografiens vidun­der­lege verd.

Las Vegas er eit par­adis for dei som har lyst å prøve ut den ulti­mate lykken innan penge­spel. Kvar er plassen for oss typofile? Eg er usikker, men har funne noko som kan­skje kan nærme seg ein slik sta­tus. La meg pre­sen­tere Typophile. Ein nettstad som bug­nar over av gode typografiske diskusjonar, nyhen­der innan emnet og gode ressur­sar for det eine og andre innan skrifter.

God tur innom, og kos deg dagen før dagen!