Typografisk tips #3

Nok ein gong skal me innom InDe­sign, men berre for å vise kva moglegheitar du kan ha med ei skrift med Open­Type-funksjonar. Eg seier ikkje at alle skrifter av denne typen har dette, for det er det ikkje, men det er fullt mog­leg. Ei av funksjo­nane som finst og som er mest nyt­ta er lig­a­tur­er.

Myk­je som er mog­leg med Open­Type i InDesign.

Ei skrift som har dette er Min­ion Pro. Der­som du nyt­tar denne i InDe­sign kan du ved hjelp av til­leg­gs­menyen få nokre artige uttrykk på same tekst. Berre sjå i eksem­pelet over. Nokre meir diskrete  og nyt­tige enn andre, men dette er noko du kan vel­gje ut i frå formålet.

Dette er kan­skje eit lite tips, men eg tenk­te eg skulle tipse deg om det likevel.

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!