Typografisk tips #2

Dette tipset er altså for alle dei av dykk som skal lage større bokstav over fleire linjer fyrst i eit avsnitt. Også kalla innleiingsbokstav eller initial. Ombrekkingsprogrammet InDesign har stønad for dette og nokre av dei små justeringane eg skal presentere i dag er henta frå det.

Eg startar med vanleg brødtekst. Gjerne opprett ein avsnittsmal (paragraph style) for å lette vidare arbeid, og/eller dersom du skal nytte denne typografien seinare.

Opprett kopi av original

No som all tekst er satt i same stil går du til paletten med stilane og drar malen Brødtekst ned i ny mal for å opprette ein kopi basert på den opprinnelege.

Endre namn på laget

Dobbeltklikk den nyoppretta malen og endre namn til for eksempel Brødtekst INITIAL. Fyrst går du til Indents and Spacing i menyen på venstre side og sett verdien for First Line Indent til 0 mm. Deretter velgjer du menypunktet Drop Caps and Nested Styles. Her er det magien skjer.

Sett inn antal linjer initialen skal stå på (eventuelt også om det skal vere fleire bokstavar i denne). Viktig: For best resultat, sjekk at det er huka av i valet Align Left Egde. Dette er for at initialen skal kome i lik venstrekant som resten av spalta. Huk Preview av og på for å sjå forskjellen.

Trykk OK for å fullføre.

But wait, there is more!

Diverre har eg ikkje funne ut korleis ein enkelt kan gjere siste finish automatisk (om det finst, tek eg gjerne mot tips altså!). Så, for å lage til det ultimate/finaste resultatet må du inn og gjere litt manuelt arbeid. Dette vil eg berre anbefale dersom du har tid og resultatet skal flikkast med. Det eg vil oppnå er å få litt meir avstand mellom initialen og dei to siste «initial-linjene». Sjå skjermdump over.

Det du skal gjere er å gå inn på slutten av fyrste linje og lage ein mjukt linjeskift. Dette gjer du enkelt ved å trykke Shift+Enter på tastaturet, eller gå i menyen Type › Insert Break Character › Forced Line Break. Dersom det oppstår eit lite mellomrom før fyrste ord på neste linje, fjernar du denne. Du skal nemleg setje inn ein halv kegel-mellomrom. Gjer dette ved å trykke CMD/CRTL+Shift+N, eller velgje frå menyen Type › Insert White Space › En Space. Gjer dette for neste linje også.

Kvifor så mykje makk for å skape ein enkel effekt?

Jo, fordi det ser litt betre ut i tillegg til at lesaren ser fort at initialen startar fyrste linja. Kanskje innlysande i utgongspunktet, men då fell me tilbake på utsjånad. Men som sagt, dette er ikkje nødvendig i det store og heile, det berre skapar ein betre typografisk finish!