Knask på ein fredag: Januar

Det virkar for meg som om januar har gått ulideleg seint, men det kan ha vore at eg publiserte ein ny sak bortimot kvar einaste dag i desember… Uanskvett, det er fredag og eg skal nok eingong servere deg nye knask  siste fredag kvar måned dette året også! Cornflakes anyone?

Som alltid startar eg med litt snop for augo, designmessig sett. Det er ikkje mykje, men det er det eg har klart å fange opp og sett i løpet av ein ganske så hektisk januar.

Letterheady

Denne bloggen er dedikert til å vise deg noko så enkelt som brevark i forskjellige utførelsar, nye som gamle. Dersom du er meir interessert i innhaldet i brev kan eg og anbefala deg å besøke Letters of Note. Artige sider begge to!

Digital Podge

Eigentleg veit eg ikkje heilt 100 % kva denne sida er til for, men utifrå design og det eg har fått med meg av innhald, er Digital Podge eit slags referat frå ei årleg tilstelning basert på digital statistikk. Eller noko slikt. For augo mine er det uanskvett eit gjenomført og herleg design!

Kjeft’a

Kjeft a! er ein norsk designblogg. Kva den inneheld forklarer dei enkelt, greitt og kanskje aller best sjølv på sida si:

Kall det gjerne bloggens svar på mellomromanen. Ikke akkurat Umberto Boccioni, men faen ikke helt Marianne Aulie heller. Kanskje litt nærmere Keger enn Bates. Litt Honet, hvis du skjønner. Ikke Cartier-Bresson, nærmere Jamel Shabazz. Mer Jarmusch enn Michael Mann. Du vet, en blanding av Waits, Crystal Castles og gammal LL.Cool.J.
– Litt Berlin?
– Litt Berlin.

Wordboner Store

Pengar skapar ikkje gleder, det er det t-skjorter som gjer. Wordboner Store selg t-skjorter med store meiningar. Eller små. Alt etter kva for ei du kjøper.

Simon Collison

Simon Collison si heimeside er eit funn: Her er alle moderne tekniske illustrasjonar satt til side, og naturfaget er hipt att! Oversikta over kva denne karen driv med (foruten å drikke te og spane på roll-upar) er bygd opp av boksar som ein plansje med forskjellige insektstypar.

Trondheimposters

Eg skreiv på knask for oktober om Osloposters, med spørsmål om når andre byar skulle kome etter. No har Trondheim teke initiativet og starta Trondheimposters. Stord eller Bergen lar vente på seg, men me satsar på at det kjem i løpet av kort tid…

Autofullføring på Google-vis

Er du også forundra over mange av søkjeforslaga Google til tider kjem med? Du er tydlegvis ikkje åleine, skal me tru nettsida Autocomplete Me. Her er det nemleg samla eindel forslag som kanskje ikkje heilt er det rette…

Ikoner/brusher

Aldri ein fredag utan… Ja, du veit korleis den går etterkvart:

Likar eg ikkje typografi lenger?

Svaret på det er: SJØLVSAGT! Har rett nok ikkje publisert så mykje typografi-relatert i dagens knask, men det er ein god grunn for det. Eg har nemleg eit relativt fullspekka innlegg på plakaten om akkurat det temaet. Det vert publisert plutseleg!

Ha ei strålande helg folkens!

  • Satt og spiste cornflakes når jeg leste posten din :) Du finner jammen meg mye rare greier … hehe.

  • Hah, genialt! Men det er ikkje rare ting eg finn, det er knask… ;)

  • Digital podge er lekker å se på, men jeg skjønte heller ikke helt hva det dreide seg om. Men inspirerende er den uansett! :D

    Elsker også designet til Simon Collison, men desverre funker ikke sida i Opera. I hvert fall ikke hos meg.

    Uansett, blogginnleggene dine er like saftig som alltid! Du har en av Norges beste blogger! Keep up the good work!

  • Kjekt å høyre at innlegga mine er god lesning! Håper det vil falle i smak resten av året også, og særleg dersom eg byrjar med knask kvar fredag.
    Jobber med å finne ein ny måte å presentere meg og mitt, og er alltid open for nye innspel til korleis eg kan videreutvikle nettsida mi!