Takk for innsatsen, Siemens

Apple iPhone 3G

Etter sju trufaste år og minst like mange variantar av Siemens sine fantastiske mobiltelefonar, er no ein æra over. Det har teke nesten fire år før min fantastiske S65 måtte gje tapt for ein aldri så lita overmakt kalla Apple iPhone. Dog, sjansen hadde vore større for at eg hadde behold den om Siemens Mobile hadde vurdert å fikse ubetydelege småbugs og gje mobilen min ei aldri så lita mp3-støtte. Men det vart jo vanskeleg i og med at BenQ slo Siemens Mobile konkurs.

Kva er galt?

Men tru ikkje at eg her skal rose iPhone opp i skyene, for det er umogleg på noverande tidspunkt. Berre sjå på denne lista over ting som burde vore fiksa/gjeve støtte for før første lansering av telefonen i fjor:

  • Manglande klipp og lim funksjon
  • Fullverdig blåtann (støtte for filoverføring osb.)
  • Ringetoner frå eigne filer (utan å gå unødvendige vegar)
  • Moglegheita for å setje inn fleire enn eitt bilete om gongen
  • Treig telefon/adressebok
  • Manglande støtte for MMS (ikkje noko savn hos meg)
  • Ikkje mogleg å opprette nye kalendere på telefonen

Er den verdt å kjøpe?

Tross alt dette er det jo også mange pluss som bør nemnast. Dette er absolutt noko å tenkje på om du er glad i følgjande:

  • Flott bildefremviser med multitouch
  • Intuitivt operativsystem
  • Musikkavspillar i toppsjiktet
  • Synkronisering av kontakter/mail/musikk/kalender
  • Støtte for MANGE applikasjoner
  • Genial meldingsvisning
  • GPS med kart, hybridvisning med meir…

Om man er så optimistisk som meg, så vert vel dei fleste hulla fylt i etterkvart, men kva kan me eigentleg forventa av ei datamaskin som nett har fått moglegheita til å sende meldingar og ringjast med?

Gøy å endeleg å fått tak i denne dingsen er det uansett!