Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Arkiv for år 2006

God Jul!

Den var særdeles etterlengta. Julestemninga. Men etter 3 måneder med julemas, tusenvis av millimeter med regn og sur vind og gradestokk som viser seinsommertemperaturar, så kom den omsider til meg også. Det skulle ikkje meir til enn å kome heim til julepynta hus hos ho mor og han far. Difor syns eg det er på sin plass å ynskje alle besøkande her på sida, kjente som ukjente, ei riktig godt jul!

Personleg , ,

Puh! Done deal!

Då skal det aller meste vere i orden på sida mi, inkludert bloggen, gjesteboka og fotoalbummet. Men som alt her i verden så er det nok litt småbugs her og der. Så om du snubler over noko på din vei gjennom sidene min, gi meg eit lite vink, så skal Supermann komme å fikse.

Grafikk/design, Personleg, Skrifter/typografi ,

Influensaen er her fortsatt…

Har hatt internett sånn i rykk og napp i løpet av helga, men har ikkje hatt så altfor god til til å fikse opp i ting og tang. MEN, eg har vertfall fått opp ein fungerande blogg. Så du får fortsatt vente i spenning på at sida er heilt oppe å går :)

Grafikk/design, Personleg ,

Work in progress

Nope, det har bortimot fnatt og ingenting med nye prosjekter eg holder på med. Kun faglig jobbing. Altså, grunnen til at eg ikkje har fått oppdatert noko særleg i det siste har enkelt å greitt med jobben min å gjere. Der er det ganske masse å ta tak i no før jul.

Grafikk/design, Personleg , ,

Ny brush: #006

Då har eg oppdatert sida med eit nytt brush-sett til Photoshop. Denne inneholder motiv av malingsflass, og slitt tekstur.

Grafikk/design ,

Skriftsnitt: Temanotica

Igjen var det på tide å presentere ei ny skrift her på sida mi. Denne gang er det ei litt meir teknisk font, dermed navnet temanotica. Den vart først laga som ei tynn, tynn skrift, men den blei jammen meg for tynn, så eg feita den opp litt. Skal legge ut den tynne så snart eg har fått perfeksjonert den…

Grafikk/design, Skrifter/typografi , ,

Jakta er herved over

Etter 2 års jakt, har eg endeleg fått meg eit heilt eget husrom! Forsvaret har forsåvidt øydelagt det siste året av jakta, men likevel. Det er ikkje store greiene, men den er stort sett perfekt for meg og mine hybelkaniner (dei klarer alltid å snike seg med på lasset under flytting, skjønner ikkje det der…). Den ligger i Fyllingsdalen rett i utkanten av Bergen sentrum, så eg har ikkje havna ut i intet.

Personleg , ,

Ny brush: #005

Då har eg oppdatert sida med eit nytt brush-sett til Photoshop. Denne inneholder motiv av fare og advarselskilt.

Grafikk/design ,

Canon EOS 350D

Då var innkjøpet av mitt nye leketøy, Canon EOS 350D, i boks. Planen var jo å spare dimmepengane lengs mulig, men eg kunne berre ikkje dy meg. Fotointeressa blei for overhengande, og alt som hjalp då, var eitt god tilbud på speilreflekskameraet. Har knipsa eitt par bilete med det allereie, og kan seie meg nøgd foreløpig. Dog, eg har mykje att å læra.

Fotografi, Grafikk/design, Personleg ,

So long, KNM Narvik!

Så der, då var eg endelig kome meg av balja og tilbake til det normale igjen. Kan trygt seie at det er deilig å komme tilbake til landjorda og endelig ha nok penger til meir enn smør på brødskiva. Dog det var ein smule vemodig å gå over landgangen for siste gang etter såpass lang tid ombord, og etter så mange opplevelser. Opplevelser eg mest sannsynleg aldri ville opplevd uten å ha tjenestegjort på KNM Narvik.

Personleg , , , , , , , , , , , , , , , ,

Summary in english:

Yearly archive: 2006

Scan through the yearly archive of posts, and click on the title to view the magnificent content!

Enjoy your coffee!


v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional