Syphone — iPhone SMS-backup

Etterk­vart som eg brukar iPho­nen min meir og meir, kjem fleire og fleire ynskje fram på ting som manglar. Denne gong er det ikkje sjølve tele­fo­nen som manglar noko, men pro­gram­varen eg brukar ved over­føring av infor­masjo­nen. For eksem­pel dette med å ta back­up av vik­tige meldin­gar.

Knask på ein fredag: November

Nok ein månad har gått inn i his­to­ria, og eg er igjen på plass med månadens hyggelig­ste spalte. Denne gong er det litt ekstra Mac-stoff (dessverre?), men ikkje ver redd, plut­se­leg er det omvendt! Uan­skvett om det var ein god eller dår­leg start på spal­ta, les vidare så får du sjå kva eg har på tape­ten i dag.

Mindre rik på peng?

Det finst mange pro­gram der ute som kan gjera kvarda­gen for oss dødelege data­brukarar enklare. Men har du nokon gong funne det ulti­mate pro­gram­met, og oppda­ga at du må betale like ulti­mate sum­mer for å fort­sette å bruke det etter så og så mange dager?

Godt nytt år?

No er det kan­skje litt seint å ynskje alle eit godt nytt år, det er jo allereie vorten 9. jan­u­ar, men seier det likev­el. Dog, kor­leis veit me at det blir eit godt nytt år? Vil sola titte fram frå dei CO2-tunge skyene, og få all forureininga til å forsvinne? Vil alle ver­ta kvitt prob­le­ma dei på ein eller annan måte har rota seg bor­ti? Vert søk­je­funksjo­nen i OS X Leop­ard betre? Vil eg ven­na meg av å seie «Hei!», og heller seie «Ha det!» når eg avs­lut­tar tele­fon­sam­ta­lar? Vil ver­da ver­ta betre utan George W. Bush, eller? Og vil virke­leg iskrem vere iskrem, og har den ei framtid?

Musesyke?

Lei av å måtte leite deg fram i Start-menyen på Win­dows, eller rote deg ned i Dock­en til OS X kvar gong du skal skifte, eller opne eit nytt pro­gram? Anten har du høyrd om den eine eller begge. Kan­skje også prøvd dei ut, eller ein fort­satt flit­tig bruk­er? Eg bruk­er begge. Pro­gram­ma Col­ib­ri (Win­dows) og Quick­sil­ver (OS X) er vorten ein kjær og nyt­tig ting i min kvardag. Med desse er det berre til å taste inn dei første bok­sta­vane til eit pro­gram og trykke enter når det dukker opp i bok­sen midt på skjer­men

Windows Vista: Revolusjon?

Neppe. Det er vel desse videoane eit humoris­tisk bevis på. Lyden på videoane er hen­ta frå då Bill Gates og Microsoft pre­sen­terte dei nye funksjo­nane til deira neste oper­a­tivsys­tem. Sjølve video­bile­ta er hen­ta frå ein Mac og OS X for å vise at desse funksjo­nane allereie har vore brukt av mac-brukarar i lang tid…