For å få opp humøret, og samstundes få ein innføring i staving, kan du få lov til å sjå videoen ovanfor før du leser vidare på knasket eg har funne fram til deg i dag. Føler deg klar nok til å delta i ein stavekonkurranse no? Anyhu, i dag kan eg by på (forutan ordstaving…… Continue reading Knask på ein fredag: Veke 35
Category: Video/film
Draumen om å verta ei stjerne i Hollywood er her stadig, dog her er det nok mest stoff om andre som faller i den kategorien…
Det lyser i stille grender?
Etter det eg hugsar, er det lenge sidan eg sist er i slik julestemning som no, og «såpass lenge» før julafta. Det kan ha med julelysa rundt omkring å gjere, med julehandelen, juleborda — ja, det kan vera så mykje. Men det må nok vera det at me i år er to som førebur jula med julekalender og at det er komen julepynt i heimen. Juletreet hos meg uteblir nok i år, sidan me skal reise vekk heile juleveka, og lenger.
Verden er ond!
Var innom det islandske bandet Sigur Rós sine heimesider her ein dag i førre veke, og såg til min store glede at dokumentarfilmen deira «Heima» skulle visast på stort lerret under BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) no den 20. oktober. Pirrande!
Video frå skiseilkurset lagt ut
For dei som hugsar at eg skreiv ein liten snutt om skiseil-kurset eg var med på her om dagen, kan no få sjå levande bilete (ooh!) frå det. DNT-Ung har nemleg lagt ut ein video av begivenheitane på Finse/Hardangerjøkulen.
«Ikkje køyr før eg seier køyr. Køyr!»
Fekk denne tilsendt av ein kamerat i går kveld. Synes den passa godt i desse tider når Bergen Kommune skal stenge mange vegar rundt Danmarks plass for å gje plass til den mykje omtale Bybanen. Og då tenkjer eg på dette med å få ein fin flyt i trafikken. Sparer penger på å la vere å bruke trafikklys gjer man óg, både når det kjem til innkjøp og strømforbruk.
«Fan, du æ glømsk»
Årets må-sjå-film hadde førpremiere i Bergen i dag: «Kill Buljo — The Movie». Eg flekka med meg ein billett i siste liten, og fekk meir enn det eg hadde betalt for. No ligge det i korta at eg fekk billetten gratis, men likevel, filmen må berre sjåast. Særleg om du har sansen for samisk/nord-norsk humor og liker reinsdyr. Eller berre er ute etter ein latterfull kinoopplevelse frå vårt fagre nordland!
To gode naboar
Pat & Mat, eller betre kjent som To gode naboer her til lands, herja Barne-TV i min barndom. No har eg ikkje fulgt med på kva som går no til dags, men det er vertfall noko som går i gløymeboka ganske fort og som ikkje vert sett på som god underholdning for oss «godt voksne» barn.
Windows Vista: Revolusjon?
Neppe. Det er vel desse videoane eit humoristisk bevis på. Lyden på videoane er henta frå då Bill Gates og Microsoft presenterte dei nye funksjonane til deira neste operativsystem. Sjølve videobileta er henta frå ein Mac og OS X for å vise at desse funksjonane allereie har vore brukt av mac-brukarar i lang tid…
Sidan det er jul og greie…
Her er videoen for dei av oss som liker musikk saman med eit heftig lysshow (det er islandske hugi.is som presenterer kvalitetsvideoen): Örlítið ýkt jólaljós (þarfnast hljóðs) Ha ei elles fortreffande jul! (PS: For dei som lurte på CS-maps i gjesteboka: Who knows? Time will tell.)
Nice.
Her er ein video (Flash) som eg kom over på mi ville ferd over verdensvevens store og underfundige marker. For det første så er den bra laga, og for det andre er jo det favorittbandet mitt Radiohead sin eviggode “Creep” som er presentert.