Etter nokre månad­er med heller laber mengde innhald i knas­ka mine kan eg stolt visa fram litt meir knask denne freda­gen. Håpar det fell i smak, og god helg!

La oss illustrere litt fakta frå verda

Me star­tar freda­gen med litt fak­ta frå den dig­i­tale ver­da: Kvart sekund vert det las­ta opp ein time med video til ten­es­ta YouTube. Kor­leis vis­er ein dette best grafisk? Jo, akku­rat slik det vert gjort på denne sida, One Hour per Sec­ond. Her får du også andre fak­ta frå ver­da, basert på inter­val­lar på så og så mange sekund.

Godsaker!

Er du oppteken av nips, design og fif­fige sak­er? Då er sida til Ishac Bertran verdt å leg­gje til bok­mer­ka dine! På sida pre­sen­ter­ar indus­tri-ingeniør-design­er-inno­vatøren diverse sak­er og ting han har pro­dusert, stud­er­ar eller held på å utvikle. Sjekk blant anna ut den vesle trykkpres­sa han har laga i videoen under. Me like!

Kva er «design», sånn eigentleg?

Er det ein logo, eit Word­Press-tema eller rett og slett inno­v­a­tivt brukar­grens­es­nitt? Eg har ikkje eit full­s­tendig svar på det, men Wells Riley bak nettsi­da Star­tups, this is how design works tek opp temaet og fork­larar deg i detalj kva ein ser på som (godt) design. Rel­a­tivt nyt­tig for deg som ikkje er design­er, men som anten har lyst å bli det, eller snusar på kva alt dette design-pratet hand­lar om.

Senk farten!

Nei, eg frontar ikkje ein kam­pan­je frå Statens veg­vesen, men tip­sar deg som er designer/utviklar på veven om eit lite innstikk på din Mac: Slowy app. Last ned, installer og test nettsider ved fork­sjel­lige hastigheitar; Modem, breiare band eller fiber-hastighet. Niftig!

Har du lyst på besøk av Langbein?

Der­som du har ein uopp­fylt draum om å besøke Dis­ney­land (i Paris vel og merke) kan du no få Lang­bein på døra og han tek deg med dit i ein fei! I alle fall dig­i­talt på denne sida. Skriv inn adres­sa di og han kjem!

Gratishaugen

Me betaler gjerne for ting me likar, men om me kan få det gratis vert me ekstra glade. Difor delar eg nye, og gratis knask til deg i dag:

Gratis ikon: Inventicons

Det er ei stund sidan sist eg pre­sen­terte ikon­er for deg her i spal­ta for knask, men i dag er dei små delikate tilbake! Desse lekre ikona frå Inven­ti­cons er gratis til bruk både pri­vat og kom­mer­sielt, og det er 200 av dei. Kan det bli betre? Neppe.

Gratis skrift: Tetra

Det er myk­je arbeid som vert lagt ned i utvikling og design av ei skrift. Difor er det særs sjel­dan ein får fine skrifter utan å betale ei kro­ne. Ekstra kjekt er det då at Font­Fab­ric har gjort Tetra Free Font av Alex­ey Frol­ov tilgjen­ge­leg heilt gratis her!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: