Er Twitter den nye skuleboka?

Før hadde me skulebøkene som fortalte oss ting, så kom fjernsynet, og no har Internett definitivt teke over som den ultimate kjelda for informasjon. Men kvar skal ein starte, og kva kan ein lære?

Verda har gått nokre steg framover. Lurer ein på noko i dag er sjekkar ein Internett i 99 prosent av tilfella. Men, kvar startar ein ferda mot desse opplysningane? På Google-søk, eller på Wikipedia? Det er mange riktige svar.

Kvitre, kvitre…

Det som derimot kan vere å anbefale er å kikke innom Twitter. Sjølv om du her må gjere ein liten innsats for å finne det du er ute etter, er ein ting sikkert: Her får du hyppige oppdateringar frå alle delar av verda. Skjer det noko, tek det ikkje lang tid før det dukkar opp meldingar, bileter eller videoer frå hendinga.

Eit godt eksempel (i den grad det er positivt) er straumen av tvitringar som tikka inn etter terrorhandlinga i Olso 22. juli. NRK har ein kjekk oversikt over kva folk preika om på Twitter før og etter bomba gjekk av.

Gamal historie gjenfødt med ny teknologi

For tida er kanskje den artigste staden å vere, sånn historiemessig sett, på Twitter. To prosjekt eg har bite meg merke i er eit for andre verdskrig og ein annan for Titanic. Via desse to kontoane får du oppdateringar «live». Det vil seie i sanntid, så og så mange år etter hendinga fann stad.

An aide has just woken King Haakon of Norway: «Majesty, we are at war!» The King replies: «Against whom?»
@RealTimeWWII, 8. april 2012

For få dagar sidan, 9. april, kunne du få med deg invasjonen av Noreg slik den kanskje kunne ha vorte opplevd på Twitter. Når ein sit og les oppdateringane får ein små grøss nedover ryggen. Det er litt skummelt å tenkje på at det faktisk kunne vore i dag dette skjedde. Tenk så seint folk fekk med seg at landet var i krig i 1940 samanlikna med i dag med den teknologien som er på plass…

I løpet av det neste døgnet kan du som nemnt også lese om den fyrste og siste reisa til Titanic i sanntid. I skrivande stund seiler dei i strålande vêr og ting går smertefritt. Sjølv om ein veit kva som skjer, vert det spennande å sjå kva meldingsstraumen vil fortelje oss når dei treff isberget!

Woken up to yet another marvellous morning. The weather truly has been kind to us thus far.
@TitanicRealTime, 12. april 2012

Kva kan ein læra?

For oss som har lest oss gjennom skulen er det ikkje vanskeleg å skjønne at filmane om Titanic og andre verdskrig er basert på sanne hendingar. For mange andre har det plutseleg gått opp for dei at det ikkje berre er ein film om emna.

Kva med deg?

Er det nokre Twitter-kontoer du følgjer med på som andre burde ha fulgt? Kom med det i kommentarfeltet!

2 Comments

Twitter har heilt klart blitt ein stor del av informasjonskvardagen, og ein lærer mykje om det som skjer i verda ved å følgje dei rette, som ein veit er kvalitetssikra.

Det kan derimot tidvis bli vel mykje informasjon, og det kan vere vanskeleg å bruke det som oppslagsverk. Kanskje dei finn på noko lurt!:)

Sant nok, og på Twitter må du jo helst vite kven du skal følgje for å få denne informasjonen. Men spennande å sjå om dei kjem med noko som kan hjelpe for å verte meir eit oppslagsverk!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.