Som­maren er defin­i­tivt over oss, sjølv om me vestlendin­gar ikkje får sjå kva vêr­varslin­ga byr på for tida. Men kven ser vel på fjern­syn i finavêret?

Spel kulelabyrint med Google Maps

Hugsar du desse gam­le kule­labyrin­tane me hadde før? Eg har ein lig­g­jande ein eller annan plass, men sidan eg ikkje orkar å leite den fram er det godt Google kan hjelpe meg. Nei, eg har ikkje fått ein eksklu­siv søk­jeav­tale i heimen, men dei har nem­leg laga ein dig­i­tal kule­labyrint basert på kartten­es­ta deira. Eg lovar deg, det er kjempekult!

HTML9 Responsive Boilerstrap JS

Noko for dei som er opptekne av det nyaste innan HTML kan eg i dag by på ein liten god­bit. Louis Lazaris har nemn­leg net­topp lansert HTML9 Respon­sive Boil­er­strap JS. Kva det er? Vel, det fork­larar han enklast sjølv:

H9RBS.js (v0.0001) a flex­i­ble, depen­den­cy-free, light­weight, device-agnos­tic, mod­u­lar, baked-in, com­po­nent frame­work MVC library shoelaces­trap to help you kick­start your respon­sive CSS-based app archi­tec­ture back­bone kitchensink tweet­y­birds.

Enkel og grei avs­lut­ning på knask for dagen der alt­så. Ha ei god helg!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: