Har du tilfeldigvis bruk for ei vennleg og lesbar skrift kan eg (saman med nederlandske Studio Studio) hjelpe deg med det akkurat her og no. Lagar du i tillegg materialer, eller underviser personer med dysleksi og/eller lese- og skrivevanskar, er skrifta Dyslexie midt i blinken. Sjølv eg som ikkje har dei største utfordringane med å verken lese eller skrive syns denne er ganske så lett å lese, kanskje også betre enn ei vanleg skrift!
Prisen er ikkje den som er mest venleg med pengeboka di, men i desse juletider merkar du det ikkje likevel… Dersom du sjølv har tenkt å nytte den privat, får du den for 550,-, mens dersom du og din bedrift eller skule kunne tenkt seg denne i utdanninga, ja då kostar den berre 3 600,-. Du kan bestille direkte frå Studio Studio her.
Eitt svar til “Skrift for dyslektikarar”
Bra tiltak, men burde jo strengt vore laga ei ordning der dei som faktisk har dysleksi kan få skrifta gratis.