Originalen versus kopien

Lyst å bevise at du kan din typografi? Bak luka for dagen presenterer eg i dag ein fiffig liten sak der tanken er å teste seg sjølv i kunnskapen om dei to største fiendane innan typografien…

Helvetica vs. Arial er ein applikasjon som burde vere installert på alle typografielskarar sine mobiler — sett at ein har iPhone då sjølvsagt. Denne applikasjonen skal skilje klinten frå kveita når det kjem til kven som kan typografien sin uskrivne regel nummer ein: Ser du skilnaden på Helvetica og Arial?

Dersom du er i små tvil og har lyst å få nokre gode hint på kva skilnaden er, bør du ta ein kikk på denne artikkelen av I Love Typography.

Post gjerne dykkar toppskårar i kommentarfeltet under. Eg kan seie fyrst som sist at eg sjølv slit med å sjå dei største skilnadane, og kan ikkje akkurat skryte på meg den høgaste skåren…

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.