Knask på ein fredag: November

Hauststormane har sveipa innover oss og vert snart erstatta med snødryss både i naturen og på skjermen saman med adventstakar i alle former. Det er tid for siste knask før jula tek heilt overhand.

For sjølv om butikkane sidan september har vorten overmanna av raudt og grønt julepynt, nissar, julegåvetips, snø som liknar krepp (eller omvendt — gudane må vite) og gamle julesalmar som ljomar over råtne høgtalar, er det fortsatt litt tid att for snop som ikkje inneheld ordet «jul»…

Myter om brukargrensesnitt

Er du, som meg, oppteken av det estetiske ved ting på skjermen? Kanskje du har ein sjef eller overordna som elskar å breie rundt seg med «sikre fakta» om brukargrensesnitt du meiner er heilt i det blå? Hjå UX Myths kan du nok sikkert få bekrefte dine mistankar om akkurat dette.

Co.Design

Hjå Co.Design befinn du deg på grensa mellom design og den meir business-aktig-sfæren. Her finn du infografikk og eksempler på godt design — og korleis folk tener pengar på det. Om eg har skjønt det riktig i alle fall. Uanskvett er dette ei side ein kan besøke berre for oppsettet. Knask!

Skjegghovud

Dette er eit plagg som kanskje hamnar under jul— eh, hovudet til mange av oss til vinteren. Dersom du treng noko som varmar både det uvurderlege hovudet ditt, over- og underleppa samt halsen din, ja då er hue-sjerfet (eller kva ein kan kalle det) frå BeardHead noko for deg. Kan love deg at du vert lagt merke til i skiheisen.

Autocorrect mayhem— eh, heaven…

Denne føyer seg inn i rekkja over sider med tørr humor der ute, men det er verdt å informere om den likevel. Du har vel sendt avgarde eit tonn av SMS-er og oppdage i etterkant at telefonen har autokorrigert enkelte ord, noko som kan føre til uante meiningar. Damn You Auto Correct har samla ein god del av desse, kall det flausene, på ein stad.

Simsala-minus!

Lei av alle tungvinte sidene for å dele bileter? Minus har, som namnet kanskje kan tyde på, teke vekk alt rotet som gjer slike tenester tunge og kjedelege. For å dele bileter med andre sjeler som enkeltfiler eller eit heilt gallery, treng du berre gå inn på sida og føre dei over vindauget. Minus gjer resten for deg. Magi? Nja. Berre genial kodesamansetning slik eg ser det, men at det kan virke ut som magi, det kan eg skjønne.

Ikoner er vel alltid kjekt på ein fredag?

Om ikkje ligg dei nok her til måndag også.

Geomicons

Geomicons kostar $16, men du kan laste ned 32 av ikona gratis.

Fruit Pack

Eg avluttar fredagsknasket med ei skikkeleg fruktkorg av ein ikonsamling: Fruit Pack!

God helg!

7 Comments

Dei er verd pengane vil eg tørre å seie, sjølv om dei som du kan få gratis er nok i dei fleste tilfelle. Alltid kjekt å høyre at knasket fell i smak (er jo ikkje mykje anna eg har fått publisert i det siste…)!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.