Knask på ein fredag: Oktober

Ikoner er rundt deg over alt, og i dagens spalte er det overflod av nettopp ikoner. Men ikkje fortvil, det eg har anna knask for dei som ikkje vil vere eit ikon på den store verdsveven…

Ja, eg veit den siste der var tørr, men eg startar friskt med det gøyaste først. Det er jo tross alt fredag i dag, er det ikkje?

The Oatmeal

Har du ikkje høyrt om eller lest nokon av humorinnslaga på nettstaden The Oatmeal, er det på tide å klikke seg inn og få ein god latter. Her om dagen var eg innom og kom over eit innslag om skikk og bruk for sending av e-post. Dei treff som alltid blink i poenga dei kjem med!

Fu—, eh, frykteleg gode designråd…

Føler du deg oversett av kunstlæraren eller vert bedd om å tenke nytt når du kjem med eit designforslag til nokon du skulle ynskt var ein viss plass? Stikk innom og få gode råd hjå Good Fucking Design Advice, no!

Kva med ein designoppgradering?

Designarane i Cardon Copy i New York har fått for seg at det å oppjustere, eller oppgradere om du vil, tekst og grafikk på handskrivne lappar på lyktestolpar er ein fin syssel. Artigt påfunn er det uanskvett!

Til slutt, ehm, ikoner…

Dei beste tinga i livet er gratis er det nokon som seier, men ikona eg har samla under er ganske så gode og vakre sjølv om du må overrekke litt cash til skaparane på dei fleste…

Pictos

Pictos er ei samling av nøye utarbeida ikoner til bruk i f.eks brukargrensesnitt som iPhone og iPad. I tillegg til at desse finst i biletfiler/ikoner, tilbyr skaparen Drew Wilson også ei eiga skrift med mange av ikona i seg. Noko liknande Webdings, berre eit hav finare…

Discons og Minicons

Enliven Labs har også ei knippe med fantastiske ikon til deg. Dei er i omtrentleg same stil som Pictos og tek seg god ut i minimalistiske design. Sjekk ut Discons og Minicons her!

50 gratis og dødsbra sosiale ikon

Ikkje visste eg at ikoner er sosiale av seg, men ifølgje Hubspot er desse ikona verdt å få med seg om du skal gjere nettstaden din om til ein sosial møtestad…

Diz iz the Agenzee calling, hrrello?

Sebastiano Guerriero verkar som ein kar som kan sakane sine. Noko som vert bevist i arbeidet han har lagt ned i ikonsettet hans «Agenzee». Lekkert!

Sonata Mini Icons

Sonata Mini Icons er små juvelar av nokre ikon — dei rett og slet skin mot deg der dei sit på den andre sida av skjermen din. Skrap fram det du har av dollars og kjøp!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.