Strukturert til fingerspissane!

Alle treng litt struktur i livet sitt innimellom, og er du designer kan det vere lurt å gjere det i den digitale kvardagen også. Det finst utallige systemer på korleis dette kan løysast best, men eg har samla nokre «hjelpesentralar» under som eg nyttar meg av når eg skal designe ei nettside.

Alle treng litt struktur i livet sitt innimellom, og er du designer kan det vere lurt å gjere det i den digitale kvardagen også. Det finst utallige systemer på korleis dette kan løysast best, men eg har samla nokre «hjelpesentralar» under som eg nyttar meg av når eg skal designe ei nettside.

Sjefen over alle sjefar

Eigentleg hadde eg ikkje treng å nemne noko meir etter denne. The Grid System er rett og slett sjefen over alle sjefar når det kjem til grid-baserte løysingar. På nettstaden kan du finne alt av systemer, artiklar, veiledningar/maler og annan relevant inspirasjon til å putte saman den ultimate nettstad. Strukturmessig vertfall.

Kolonne meg der, kolonne meg her…

I mitt neste design (når det enn klarar å kome vekk frå skissestadiet) er det prinsippet til 960 Grid System eg kjem til å nytta mest. Med dette kan du setje opp designet ditt til å følgje ein mal på 12, 16 eller 24 (takkar Joachim Molund for påminning om den siste der) kolonner i ei breidde på 960 piksler – ei breidde som dei fleste skjermar i dag skal kunne vise. På nettstaden kan du også laste ned maler til bruk i blant anna InDesign, Illustrator, GIMP og Photoshop.

Grunnprinsippieltaktig-ish

Baseline CSS gir deg eit utgongspunkt i koda CSS og HTML slik at du kan bygge opp nettsida di med ein god grunnstein. Det vert lagt vekt på  kode, design og typografi i denne.

Alt du treng vite om rutenettsystem

Mark Boulton har ein serie med tips og triks for korleis du kan lage deg dine eigne systemer å bruke i dine design. Han tek for seg alt frå byrjinga til den store finalen der du får sett det i praksis. Primært er det for det trykte media, men vil tru at grunnprinsippet fungerer likegodt i design på nett.

Er tekst vanskeleg?

Om du er av typen som heller ser på illustasjonane og bileta i magasin, eller elskar å lese teikneseriar, er denne av Brad Colbow noko for deg. Den forklarar enkelt korleis enkle justeringar kan gjere eit design mykje meir delikat.

Rutenett over alt!

Om du ikkje har fått nok av ovannemnte sider og rutesystem er det fortsatt håp! Slammer er ein applikasjon til Mac OS X (Snow Leopard) som gir deg moglegheit til å legge eit rutenett akkurat der du måtte ynskje. I tillegg kan du bruke det som målebånd, skjermdump-takar og forstørrelsesglas.

For mykje faste oppsett?

Om du er lei av faste oppsett og klar for meir flytande føde innanfor temaet vil eg anbefale deg å besøkje bloggen til Anders-Meyer Eldøy. Han har nett har publisert ein artikkel som tek for seg flytande grids.

Nyttar du nokre av dei ovanståande systema når du designer?

7 Comments

Kjekt å høyre! Alltid greitt at det eg publiserer vert godt mottatt. Denne artikkelen stod på «teiknebrettet» i to månader før eg fekk fingeren ut og fullførst skribleria om emnet. Eg har hatt andre analoge ting eg måtte «strukturere» først…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.