Knask på ein fredag, veke 12

Sola er nett stått opp på denne siste fredagen i mars. Det er på tide å hente morgonkaffien, snappa med ein kjeks frå skapet og starte dagen med nye digitale knask! Og for all del: Hald deg lang unna Hotmail på norsk; den er skikkeleg ekkel!

Sola er nett stått opp på denne siste fredagen i mars. Det er på tide å hente morgonkaffien, snappa med ein kjeks frå skapet og starte dagen med nye digitale knask! Og for all del: Hald deg lang unna Hotmail på norsk; den er skikkeleg ekkel!

Panikkbloggen

Folka i Panic (som har gitt oss Coda, Transmit med fleire) har ikkje berre flotte design på applikasjonane deira, men også gjeve deira blog eit niftig design. Verdt ein smugkikk!

Slik finn du fram i utlandet

Her er ein forsmak på kva du kan verta møtt av dersom du tek turen til dei største byane rundt om i verda. Webdesigner Depot har samla ei rekke med diverse oversiktskart for undergrunnsbanane i desse. Her varierar det frå det enkle ringsystemet i Glasgow, til dei litt meir krevande som det til Berlin sin metro. God tur, og lykke til!

Kabelkabalklabbogbabb

Er du som meg, har du nok av kabler bak både tven og alle andre elektriske dippedutter du måtte ha rundt om kring i bustaden din. Kvifor ikkje duse dei ned på ein enkel måte som vist her (og i biletet over), eller kanskje til og med ta den heilt ut og framheve dei til det ekstreme?

Lei av telefonkatalogen, men glad i kjendisar?

Om du i tillegg har eit hav av tid og likar å arbeide med fingrane, er kanskje dette innlegget noko for deg. Eg trur eg skal halda meg til den nettbaserte telefonkatalogen…

Ikoner til sosiale medier

IconShock har laga ein finfin pakke med ikon til diverse sosiale medier du kan laste ned: Social Buzz Icon Pack.

God påske!

Til slutt vil eg berre ynskje alle mine lesarar ei riktig god påske! Eg tek herved påskeferie, og gjer merksam på at neste fredagsknask kjem i slutten av månaden.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.