Luke 21: Photoshop i lomma

Photoshop for iPhone

Om du er ein design­er, eller veldig oppteken av fotografer­ing, har du vel vore bor­ti Pho­to­shop før. Har du lyst å ha det på mobilen også? Då skal du ta ein kikk bak luke 21.

No kan du nem­leg laste ned Pho­to­shop for iPhone, Android og Win­dows Mobile-baserte ein­heitar, og det heilt gratis. Om du for­ven­ter å finne alle effek­tane, lagredi­ger­ing og alle dei andre fan­tastiske funksjo­nane i data­mask­in­ut­gå­va av pro­gram­met, må eg nok skuffe deg. Men enkel farge­jus­ter­ing, litt effek­ter, crop­ping og roter­ing er godt nok for dei fleste, vert­fall når det er snakk om ein mobil­tele­fon.

Eg har tes­ta dette, og det funkar fak­tisk over­raskande bra. Har du i til­legg ein kon­to hjå Photoshop.com kan du også lagre til den og dele bile­ta via dine album der.

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: