Knask på ein fredag: November

Me er allereie komen til slutten av november. På ei side er det bra, på ei anna side e betyr det at me no går inn i ei stressande tid med innkjøp av gåver og vidare. Godt er det då at eg kan gje deg eit par-tre minuttar med knask som vertfall får dagen i dag til å virke avslappande og god!

Japanske strekkoder skal vere søte

Me er allereie komen til slutten av november. På ei side er det bra, på ei anna side e betyr det at me no går inn i ei stressande tid med innkjøp av gåver og vidare. Godt er det då at eg kan gje deg eit par-tre minuttar med knask som vertfall får dagen i dag til å virke avslappande og god!

Kreativt innhald

Her er eit par nettstader med innhald som kan gagne dine kreative sider.

Holte Design

Holte Design

Holte Design er enkeltkvinneforetaket til Mia Holte, ein dyktig vevdesigner frå Skien. Eg er ein ivrig besøkande til bloggen hennar og følg med på hennar twitter-oppdateringar så godt eg klarar. Denne dama har peiling!

Bevar Nordmarka

Bevar Nordmarka

Denne sida, lansert av Norges Naturvernforbund, oppfordrar deg til å vere med å starte verdas største klagekor. Etter å ha vore inne på sida er eg både facinert, stolt av å ha deltatt og tilslutt vorten heilt ko-ko av klagekoret. Det må jo berre funke.

Society of Publication Designers

SPD

Society of Publication Designers er ein forening som støttar opp under arbeidet som står bak eit godt innhald, både bilete og tekstmessig, på magasiner.

Creative Criminals

Creative Criminals

Creative Criminals består av tre kameratar som gjerne via bloggen sin vil vise deg kreative reklamer og PR-materiell. Kjem ikkje heilt opp i mengden som I Believe In Advertising presenterar, men sida er likevel verdt eit besøk!

Design Fridge

Design Fridge

Design Fridge er ikkje noko kjølege greier sjølv om namnet seier noko anna. I dette galleriet kan du finne det ferskaste innan vevdesign, der CSS og Flash er viktige elementer/kriteriar for eit godt design.

Eit tips på ein fredag

Nei, eg skal ikkje byrje med ei ny spalte på fredager, men eg fann ikkje noko betre tittel. Er du på jakt etter ny logo og lurar på korleis du skal gå fram eller sjå korleis andre har løyst utfordringa?

Your Logo Makes Me Barf

Då bør Your Logo Makes Me Barf vere plassen du må innom for å sjå logoen kan verta om du nyttar deg av «designkunnskapane» til bror til kjærasten til son til din onkel. Her har dei nemleg samla logoar som ikkje burde sett måneskinnet eingong.

Har man derimot lyst å sjå runde logoar som har slått gjennom, har Webdesigner Depot ein sak om dette som er verdt å få med seg.

Lyst å lage bra tema til WordPress?

Themeshaper

ThemeShaper har ein genial oppskrift på korleis man lager søkjemotoroptimaliserte (SEO) og gode tema til WordPress. Denne guiden viser deg også korleis temaet ditt vert klart for widgets.

Når man er lei det digitale, har man alltids Fred

Fred & Friends

Når man ikkje lengre har lyst å briefe med kva online widgets og andre applikasjoner som gjer kvardagen din enklare og morosam, då er det på tide å bestille frå katalogen til Fred & Friends. Her kan du finne pizzakuttere forma som vinkelsliper og isbiter forma som elementer frå Space Invaders og skulpturane frå Påskeøya. Kvar sin smak!

Ikoner

Eg kan ikkje la deg ta helg utan å ha gitt deg litt ikoner i dag heller. Versågod!

Brusher

Lenge sidan sist eg presenterte brusher til Photoshop, men plutseleg dukka det nokre opp på twitter:

God helg!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.