Noko for einkvar musikkelskar?

Først vil eg berre seie; Fyttikatten-og-grisen (og andre dyr som måtte passe inn i eit uhemskt vilt jubelrop)! Dette kjem til å verta året over alle åra med tanke på kva Bergen den by har å tilby innan musikk-opplevingar i år.

Kent var fyrst ute i år, med konserten som vart helden i Grieghallen den 26. januar. Skulle til å seie at Magnet vart unnagjort fyrst, men den var jo faktisk 25. november I FJOR. Kvifor eg i det heile nemnte den er fortsatt eit mysterium…

Kaizers Orchestra Arenum, 29. februar

Var eg der? Nei. Burde eg vore der? Ja. Her var det tid og penger det stod på. Når det var ledige billetter burde eg ha kjøpt men prioriterte annleis. Men plutseleg var det utsolgt. I følge media og dei eg kjenner som var det, var det eit show verdt å få med seg.

Teitur (og Helgi Jonsson) Garage, 7. mars

Denne var lenge tentativ, i og med at eg den dagen hadde sagt meg villig til å helde eit føredrag på HSH på Stord, og belaga meg på å vere der heile helga. Men om eg hadde lyst? Dumt spørsmål. Aldri vore på konsert med Teitur før, men det eg har høyrt virkar ganske så bra! At Helgi Jonsson, som tidlegare var medlem av Sigur Rós, skulle vere support hadde vel kanskje vore ein bonus som eg burde tatt meg råd til å få med meg.

Wombats Hulen, 4. april

The Wombats
Veit ikkje akkurat kor mange av dykk der ute i den litle verda som har høyrt om karane i The Wombats, men dei er eit band eg i lang tid har kunne tenkt meg å gått på konsert med. Sist gong dei var i Norge (det har vorten eit par gongar, dog kun i Oslo), var eg i Oslo kun 4 dagar før dei skulle spele, men eg måtte jo dessverre heim og jobbe… Men eg fortvil ikkje – dei skal jo til Hulen 4. april! Joho!

Radiohead Glasgow Green, 27. juni

radiohead.jpg
Einaste konserten (as we speak) som eg har tenkt meg utanbys på, er Radiohead sin konsert i Glasgow. Eg måtte berre føye det til lista, dei er jo ganske så sjølvskrivne i einkvar konsert-liste. Eller? Uansett, billetten er snart i boks forhåpentlegvis, eg treng kun litt handfast cash fyrst. Bugger. Om det er nokon der ute som veit om ein plass ein kan finne ganske reduserte prisar på flybilletter ditåt: EG er mannen som treng info om denslags:D

Foo Fighters (og Queen of the Stone Age) Koengen, 11. juni

Foo Fighters
Her er billettane sikra. Eg hadde ikkje peng ved innkjøpet av dei, men med kameratar som stiller opp, fekk me ordna oss likevel. Her om dagen fekk me jammen meg i tillegg den glad-nyheita om at Queen of the Stone Age skulle stilla opp og varme opp publiken før Foo Fighters entra scenen. Gåttabanen!

R.E.M Koengen, 4. september

R.E.M
Dette er ei gruppe eg kunne tenkt meg å fått med meg. Igjen er det den hinsides høge prisen som mogleg kjem til å hindra meg i å stå på Koengen og oppleva veteranane frå R.E.M. 655 kr pluss avgift er eindel pengar for ein fattig mann :D Men det er fortsatt ledige billetter igjen, så kanskje når eg vinn i eit av Norsk Tippings lykkespel er denne konserten også i boks…

Andre konserter frå Bergen Live

I tillegg til den håndfulle store lista med band som har/skal opptre i Bergen nemnt ovafor, står det ein heil haug igjen på plakaten til Bergen Live i løpet av 2008. Veteran-grupper som Kiss, Metallica, Judas Priest, Mark Knopfler og Eric Clapton er å sjå diverse plassar i Bergen. Meir står på programmet på heimesida for Bergen Live. Der er det noko for einkvar musikkelskar altså.

Rock on!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.