Prompøst
At eg er ein ihuga typografil er ikkje vanskeleg å merke. For dei som kjenner meg har eg alltid elska å høyre på musikk — nesten uanskvett kor eg befinn meg. Det ingen har hatt nyss om, er at eg i dag debuterar som artist sjølv!
The Sound of Music
Det er ikkje alltid det hjelper med heilt stille kontor når ein skal vere kreativ. Av og til må ein ha noko i øyro for å aktivere den kreative delen av hjernen. Høyrer du på Spotify? Då vil eg gjerne høyre kva musikk som inspirerer deg!
Festival i Parken
Etter suksess med Øyo’09 på høgskulen i februar, inviterer same gjengen heile bøtteballetten til ny festival på sommarøya Stord. Denne gong finn den stad i Vidsteensparken/Museumsparken på Leirvik, under namnet Parken.
Radiohead og Grammy Awards
Radiohead er nominert til ikkje mindre enn fem prisar under årets Grammy Awards som går av stabelen i morgon, 8. februar klokka 21. Det var då ikkje utan grunn at ryktene svirra om dei skulle opptre eller ikkje. Det er no bekrefta av bandet at dei går på scenen under sermonien.
Takk for innsatsen, Siemens
Etter sju trufaste år og minst like mange variantar av Siemens sine fantastiske mobiltelefonar, er no ein æra over. Det har teke nesten fire år før min fantastiske S65 måtte gje tapt for ein aldri så lita overmakt kalla Apple iPhone.
Noko for einkvar musikkelskar?
Først vil eg berre seie; Fyttikatten-og-grisen (og andre dyr som måtte passe inn i eit uhemskt vilt jubelrop)! Dette kjem til å verta året over alle åra med tanke på kva Bergen den by har å tilby innan musikk-opplevingar i år. Kent var fyrst ute i år, med konserten som vart helden i Grieghallen den [...]
Dagens nattynskje
Om det er meg eller om det gjelder mengder der ute er uvisst, men om du mot formodning reiser heim med anten nattbussen, åleina med ein utruleg kjedeleg taxisjåfør, eller rett og slett irriterande selskap; Får håpe du har huska på å putte denne lista med sanger og artister på mp3-spelaren din (eller musikkmobilen din, or whatever)
Eberg
Lyst å høyre noko anna enn pop-en som går på VG-lista? Visst du i samme slengen likar Island og det det landet har å by på, inkludert dets yrande musikkmiljø, så er kanskje vekas artist noko å setja seg ned å høyre på av og til. Som tittelen så vakker forteljer, så heitter vekas artist Eberg.