Tid for bart

For andre år på rad er eg klar for å gro noko av det eg eigentleg likar minst, nemleg ein bart under nasa. Men, det er jo for ei god sak, så då skal eg heller tåle ha ha denne kløande tusten i 30 dagar. Samarbeidspartaren til Movember er også i år Kreftforeninga, og barten er til for å setje andlet på menn si helse. Her er kva dei skriv på deira eiga side (orsak gamalnorsken):

Mo Bros som tar del i Movember  bidrar til å sette fokus på kampen mot prostatakreft. Som vandrende, pratende plakater er Mo Bros med på å øke bevisstheten om temaet. I løpet av 30 dager i november er de mange gryende mustasjene et effektivt virkemiddel for å få folk til å prate om dette viktige temaet, både privat og offentlig. Sammen er vi med på å fremme menns helse.

Du kan sjå utviklinga til barten min på profilsida mi, og det hadde vore gledeleg for Kreftforeninga om du òg vil bidra med nokre kroner!