Knask på ein fredag: Mars

Eg tenkte at eg skulle få god tid til å finne godt stoff til deg no då eg hadde fødselspermisjon, men det er som dei seier: Eit born er eit born, to er ti. Eg veit det er ein dårleg unnskyldning, men sånn er det berre. Det kjem forhåpentlegvis ei mykje meir fyldig utgåve siste fredagen i april.

Med denne reklamekampanjen for LEGO av det tyske kommunikasjonsbyrået Jung von Matt satsar eg alt på at den veg opp for den minimale mengda med knask i dag. Klarar du å gjette deg fram til kva den skal illustrere?

God helg!