Typografisk tips #1

Dette er kanskje ikkje det mest spennande tipset som finst der ute, men det er viktig å vite om. Sidan me er i julemodus kan eg komme med ein standard julehelsing og vise korleis den best kan setjast opp. Start med å sjå på avsnitta nedanfor:

Du ser fort kva for avsnitt som fungerer, eller? Ikkje? Her er to til:

No då? Ja? Flott! Dette er berre to raske eksempel, men det viktigaste er å få balanse og symmentri i linjene. I tillegg må du avgjere kor det er ein god stad å ha linjeskift. Funker det ikkje med same antall linjer gjer det ingenting å leggje til ei ekstra (sjå andre avsnitt i fyrste eksempel) for å gjere det mest lesbart. Eg likar ikkje å reklamere stort for andre julekalendere, men sjekk ut denne sida for eit eksempel komplett med overskrift og undertekst (øverst i det blå feltet).

Om du ikkje allereie har gjort det, er det kanskje på tide å lage klart det perfekte julekort? Benytt deg gjerne av tipset i luka i dag!