Knask på ein fredag: November

No skriv me 25. november, og sjølv slit eg med å få ferdig alle tre… Når slike situasjonar oppstår, er det godt me har noko nytt digitalt knask å trøyste oss med!

Draumen om vestkysten

Me startar med å drøyme oss vekk saman med kontorrekvisita og leiketøy i den fantastiske stop-motion-filmen «Address is Approximate» frå produksjonsseslapet The Theory. Vakkert!

Skal det vere litt humor til vasken?

Dørselgjarar er ikkje altfor utbreidd i Noreg, men eg må innrømme at eg hadde nok vurdert å kjøpt produktet som denne karen tilbyr. I alle fall etter standup-showet han gjennomfører på terskelen til folka i denne videoen!

Tut-tut-typografi!

Bureau Bruneau, einmannsføretaket til Ludvig Bruneau, har lagt litt ekstra i dette typografiske mesterverket. Laga med element frå ein fullskala modelljernbane er detaljrikdomen ganske så tydeleg!

Surr i kablane?

Når me fyrst er inne på typografi kan eg jo likegodt presentere gratisskrifta The Kabel frå Fontfabric, teikna av Mathias Nösel. Den er ikkje akkurat den beste skrifta for mengdetekst, men fiffige overskrifter kan ein jo alltids lage med den.

Me set ein lang og god strek…

http://vimeo.com/27405001

Ein skal vere ganske så stødig på handa om ein skal klare å få til eit slikt kunstverk som i videoen over. Teikninga er skribla opp med ein samanhengande strek — om reklamefilmen for Faber Castell er ekte vel og merke… Med denne videoen set eg strek for knasket i dag!