The Julekalender

Nov… eh, eg meinar Movember er over og det er ein månad att til me kjem med nyttårsfortset om meir trening og sunnare livsstil. Men aller fyrst er det tid for årets julekalender her på bloggen!

Lær det kniping, eller kjøp ei t-skjorte.

Ja, det er den tida på året att, då eg skal vere skikkeleg aktiv i 24 dagar til ende, og gi deg ein julekalendar! I år som i fjor falt valet på emnet typografi. Men det er jo heilt greit, er det ikkje?

I år hadde eg faktisk store utfordringar når det gjaldt å finne ut kva eg skulle ha i julekalenderen til mine lesarar. Ikkje fordi eg ikkje hadde snøring på kva emne eg skulle leggje meg på, for det var det nok av. Valet stod faktisk mellom ein kalender med typografi, design (både grafisk og til nett) og ein følgjetong med informasjon om korleis ein kan lage ein komplett nettstad — frå idé og skisse til ferdig interaktiv side. Sistnemnte har eg faktisk skrive såpass mykje på at den kjem rett utpå nyåret. Ein liten teaser der altså…

Jaha, pompøs innleiing, men kvar er kalenderen?

Som sagt er årets emne typografi. Dette er noko eg er over gjennomsnittet interessert i, noko bloggen min ber preg av, og då vert det vanskeleg å velje noko noko anna. Eg kan nemne at det er stoff som omhandlar skrift generelt, kjekke fakta, artiklar, applikasjonar og eit lass med gratis skriftsnitt.

Nok svada! Kvar er dagens luke?

Vel, den er rett he. Dette er luke 1. Ein relativt stor, pompøs og irriterande teaser på kva som kjem frå og med i morgon.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.