Knask på ein fredag: August

Tidsklemma kom over meg nok ein gong denne veka. Eg plar ha klart knasket i god tid før publisering, men denne gong gjekk det rett og slett i gløymeboka… Innhaldsmengda ber preg av dette, men forhåpentlegvis fell det i god smak likevel!

Tidenes opprydningsarbeid?

Me hugsar kanskje altfor godt tsunamien som råka Japan tidlegare i år. Det me sit best att med er minnet om dei totalt øydelagde byane. No, eit drøyt halvår etter,heilt annleis ut der nede. Det nasjonale opprydningsarbeidet er ikkje noko tull! Sjekk ut den fantastiske før/etter-biletserien som Dagbladet har delt med oss!

Blitzregn

Kva gjer ein om ein har 250 Canon 60D-kameraer, inkl. blitz, ein god del tolmod og overflod av tid? Jo, ein koplar dei saman for å fungere som eit lysshow/bakteppe i ein musikkvideo, vel!

Iconmania

Her er nokre sett med ikon på ein fredag. Kanskje ikkje i bøtter og spann som eg ytra i ingressen, men det skal nok vere nok til mange typar prosjekt. Det er ei blanding av ikon både som er gratis eller kjøpast til ein slant eller to.

Skewed Icons

Srin Icon Set

Wooden Social Icons

Plastique Icons

Simplito Social Icon Set

Ha ein fortsatt fin fredag og ei strålande helg!