Knask på ein fredag: November

Japanske strekkoder skal vere søte

Me er allereie komen til slut­ten av novem­ber. På ei side er det bra, på ei anna side e betyr det at me no går inn i ei stres­sande tid med innkjøp av gåver og vidare. Godt er det då at eg kan gje deg eit par-tre min­ut­tar med knask som vert­fall får dagen i dag til å virke avs­lap­pande og god!

Kreativt innhald

Her er eit par nettstad­er med innhald som kan gagne dine kreative sider.

Holte Design

Holte Design

Holte Design er enkeltkvinnefore­taket til Mia Holte, ein dyk­tig vevde­sign­er frå Skien. Eg er ein ivrig besøkande til bloggen hen­nar og følg med på hen­nar twit­ter-opp­da­teringar så godt eg klarar. Denne dama har peil­ing!

Bevar Nordmarka

Bevar Nordmarka

Denne sida, lansert av Norges Naturvern­for­bund, opp­for­drar deg til å vere med å starte ver­das største klagekor. Etter å ha vore inne på sida er eg både facin­ert, stolt av å ha deltatt og tilslutt vorten heilt ko-ko av klageko­ret. Det må jo berre funke.

Society of Publication Designers

SPD

Soci­ety of Pub­li­ca­tion Design­ers er ein foren­ing som støt­tar opp under arbei­det som står bak eit godt innhald, både bilete og tek­stmes­sig, på mag­a­sin­er.

Creative Criminals

Creative Criminals

Cre­ative Crim­i­nals består av tre kam­er­atar som gjerne via bloggen sin vil vise deg kreative reklamer og PR-materiell. Kjem ikkje heilt opp i meng­den som I Believe In Adver­tis­ing pre­sen­ter­ar, men sida er likev­el verdt eit besøk!

Design Fridge

Design Fridge

Design Fridge er ikkje noko kjølege greier sjølv om nam­net seier noko anna. I dette gal­leri­et kan du finne det fer­skaste innan vevde­sign, der CSS og Flash er vik­tige elementer/kriteriar for eit godt design.

Eit tips på ein fredag

Nei, eg skal ikkje byr­je med ei ny spalte på fredager, men eg fann ikkje noko betre tit­tel. Er du på jakt etter ny logo og lurar på kor­leis du skal gå fram eller sjå kor­leis andre har løyst utfor­dringa?

Your Logo Makes Me Barf

Då bør Your Logo Makes Me Barf vere plassen du må innom for å sjå logoen kan ver­ta om du nyt­tar deg av «designkunnska­pane» til bror til kjæras­ten til son til din onkel. Her har dei nem­leg sam­la logoar som ikkje burde sett måne­skin­net ein­gong.

Har man der­i­mot lyst å sjå runde logoar som har slått gjen­nom, har Web­de­sign­er Depot ein sak om dette som er verdt å få med seg.

Lyst å lage bra tema til WordPress?

Themeshaper

Theme­Shaper har ein genial opp­skrift på kor­leis man lager søk­je­mo­torop­ti­malis­erte (SEO) og gode tema til Word­Press. Denne guiden vis­er deg også kor­leis temaet ditt vert klart for wid­gets.

Når man er lei det digitale, har man alltids Fred

Fred & Friends

Når man ikkje lengre har lyst å briefe med kva online wid­gets og andre app­likasjon­er som gjer kvarda­gen din enklare og morosam, då er det på tide å bestille frå kat­a­lo­gen til Fred & Friends. Her kan du finne piz­za­kut­tere for­ma som vinkel­sliper og isbiter for­ma som ele­menter frå Space Invaders og skulp­turane frå Påskeøya. Kvar sin smak!

Ikoner

Eg kan ikkje la deg ta helg utan å ha gitt deg litt ikon­er i dag heller. Ver­så­god!

Brusher

Lenge sidan sist eg pre­sen­terte brush­er til Pho­to­shop, men plut­se­leg duk­ka det nokre opp på twit­ter:

God helg!