Buss, buss, så får du ein suss!

Gamle damer er hyggelege... Eller?

Då var felles­fe­rien over for denne gong, og stu­den­tar og arbei­dsviljuge nord­menn er att tilbake i trafikken i Bergen by. Berre eg skal på jobb så må eg smøre meg inn med ein god desj tolmod. For turen som van­legvis tek 15–20 min­ut­tar, tek no mel­lom 45 og 50 min­utt, og det er lite kjekt når eg er svolten og higen på å kome meg heim.

Sjølv om det finns gode alter­na­tiv­er som buss, sykkel og gratis park­er­ing på Lagunen og Nest­tun, er det over­raskande få som benytt seg av dette. Generelt er det ein per­son i kvar bil som køyr­er til og frå sen­trum om mor­gonen og om etter­mid­da­gen.

Som ein syk­lo­man så fint kom­menterte, på ein sak Bergens Tidende hadde, er det mange pos­i­tive ting ved å bruke sykkel:

  1. Økonomisk. Du spar­er bensin og bom- og/eller busspenger
  2. Helsemes­sig. Du slepp å betale 1000-vis på SATS eller for slankepiller, eller belaste helsesek­toren pga. livsstil­syk­do­mar.
  3. Miljømes­sig. Du slepp å plage omgiv­naden med støy og forurens­ing
  4. Plassmes­sig. Det er ekstremt lite plasskrev­jande ift. 4- og 6-felts motorve­g­ar

Bybanen

Myk­je av køane er det generelle mor­gon- og etter­mid­dagsrushet som står for. Dog, mest av alt er det jo kan­skje dette etterk­vart leg­en­dariske bybane-pros­jek­tet til Bergen kom­mune som må ta støyten for køane og kaoset i trafikken. Atter ei veis­teng­ing her om dagen gjorde det ikkje min­dre kao­tisk på Dan­mark­splass, sjølv om det no ikkje kan kallast eit kryss lengre. Etter siste omleg­gjing er det ikkje lengre nokon måte å kome inn på Dan­marks plass, etter­som både Jonas Lies vei, Ibsens gate og Michael Krohns gate no er stengd.

Også i sen­trum er det mange omleg­gjin­gar for tida, både på grunn av Byba­nen og anna gravear­beid. Sjølvsagt er det jo mot­førestill­ingar for slikt, og då er det jo ikkje rart at folk tek sak­en i eigne hen­der og gjer som nokon gjorde i Skot­te­gat­en i Bergen, nem­leg male sitt eige fot­g­jen­gar­felt for å dempe på trafikken. Om det hjelper er heller tvil­somt.

Mitt poeng er at dei som har sjansen til det, slik som eg, bør ta bussen, syk­le eller slå seg saman med naboen og kjøre i full bil til jobb, skule eller kva du no enn skal i sen­trum i rushti­da. Som dei seier: Buss, buss, så får du ein suss! Tvil­somt om du får det av meg, men kjærasten/madammen din gjer deg det garan­tert for at du var miljøbe­visst og raskt heime!

PS: Eg veit at biletet i saka er bruk førut, men det pas­sa lik­som og eg hadde ikkje eit betre alter­na­tiv på han­da. Men, you know: «Buss, buss…»

PS2, 20.08.08: Lagt til eit vesent­leg ord i saka for å utelukke mis­forståelser :D.