Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Og vips, så var me ferdig!

Etter minst 200 meter maskeringstape, 20 liter maling, ørten ruller og malerkostar av alle slag og variantar, eit par solskinnsdagar som har gått fløyten og eit fint stort antall ost- og skinkehorn (bakt av madammen etter mammas oppskrift), kan me no sjå oss fint ferdig med oppussingsprosjektet vårt i Fyllingsdalen.

The room formely known as our livingroom!

Etter minst 200 meter maskeringstape, 20 liter maling, ørten ruller og malerkostar av alle slag og variantar, eit par solskinnsdagar som har gått fløyten og eit fint stort antall ost- og skinkehorn (bakt av madammen etter mammas oppskrift), kan me no sjå oss fint ferdig med oppussingsprosjektet vårt i Fyllingsdalen.

Og no skal me selgje den… Må innrømme at det er ein smule vemodig i og med at dette var min første leiligheit eg eigde. Men sidan eg no skal smis inn i hymnens lenkjer, og herlegheita av eit stort brydlaup koster eit par kroner, fann me ut at me skulle selgje den eine leiligheita (den største og dyraste), og såleis spare eit par kroner.

Titt innom annonsa for leiligheita på bobmegleren.no/finn.no.

Liten leiligheit, liten bil…

Mini Cooper - vårt nye familieidol

Men som eit plaster på såret, kan me meddele at me har fått anskaffa oss eit nytt framkomsmedel, nemleg ein aldri så liten Mini Cooper: Ein liten krabat på 1 tonn og 116hk. Eller, ifølgje dette klippet frå YouTube, rommer den meir enn du kanskje trudde. Dog komfortabelt er det nok ikkje.

Men stoggar det der?

Nei, langt derifrå, det hadde jo vore heilt på styr… Det gjenstår no kun praktiske ting (les: planlagd økonomisk oppgong og riktig dato) så skal me ha kvar sin iPhone i hendende, kopla saman med ein (mogleg det vert to, det vil kun salget av leiligheita avgjere) splitter ny MacBook Pro.

Men mest av alt gledar me oss til å cruise nedover langs kysten til Kristiansand med den nye bilen, ta ferja over til Danmark og ha ein dejlig ferie i vår flate naboland i midten av juli.

Etter endt ferie, og når me atter er komen heim til Bergen den by, er det att tid for å finna malebuksa og fortsette på leiligheta vår på Landås.

God sommar!

Summary in english:


Ein attendeping

  1. tilbakeping: Ja, så var det på’an igjen, då!
    16. januar, 2009 – 17.05

    Ja, så var det på’an igjen, då! fredag 16. januar 2009, 17.05

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional