Då pengespel var pengespel

Den gode gamle pengeautomat

Hugsar du dei tidene då du og kameratane/venninene dine stod sam­la utan­for den lokale mat­bu­tikken, og såg på kro­n­estykk­ja som spratt hemn­ingslaust rundt inne i den vidun­der­lege røde og brun­lakkerte pengeautomaten? 

På fer­ja heim frå burs­dags­feir­ing på Hal­snøy satt eg og sur­fa på det verds-vide net­tet og kom over ein sak på Dag­bladet som lyste i mot meg «Savn­er du det gode, gam­le kro­ne­spillet?». Det fyrste som kom til meg i tankane mine var om dette kunne vore for godt til å vere sant; Skulle dei inn­føre desse fan­tastiske mask­inene igjen? Kvar skulle dei stå? Kor­tid var dei på plass? Eg kjende blodet bruse i glede i takt med smilets breidde…

Forveten som eg var klik­ka eg på linken, og eg fekk bekref­ta at det diverre kun var snakk om ein dig­i­tal utgåve av penge­spelet… Men det gjer si plikt – madammen min, ein kam­er­at av ho og meg vart sit­jande nesten gjen­nom heile fer­je­turen foran skjer­men å trykkje. Me vant ikkje myk­je, men følelsen av igjen å stå utan­for butikken, sjå kro­nene fyke rundt inni der og håpe på at dei tre­ff nedi slot’en som gjer mest vinst, var abso­lutt til stades! Ikkje noko fan­cy-pan­cy flim­rande ljos og irriterande musikk, kun rein og god «mynt mot tre og metall»-lyd!

Har du myk­je å gjera på jobben og i heimen, eller abso­lutt skulle ha for­beredt deg til årets vik­ti­gaste møte, ja då er dette lenk­ja du bør boomarke: Kro­ne­spillet. Frå­seier meg herved all skuld for kon­sekvenser som kan oppstå…

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!