Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Drit og dra!

Nei, det er ikkje eit styt kraftuttrykk mot deg dette, men heller ei overskrift for ein unyttig (evt. kanskje nyttig) ting å dra med seg på den lange bilturen frå Lindesnes til Kirkenes. For du reiser vel forbi Nordkapp om du først tar turen og veit at du har reiseutstyret i orden?

Nei, det er ikkje eit styt kraftuttrykk mot deg dette, men heller ei overskrift for ein unyttig (evt. kanskje nyttig) ting å dra med seg på den lange bilturen frå Lindesnes til Kirkenes. For du reiser vel forbi Nordkapp om du først tar turen og veit at du har reiseutstyret i orden? TravelJohn Portable Unisex Toilet X3 er så unyttig som det er genialt: Du får ein pakke med 3 «pisse-poser» du kan bruke om du ikkje får sjans til å stoppe ved Krambua for lensing.

Men når me likevel er inne på overskrifter: Den er vel ikkje heilt dekkjande, i og med at dette er kun for å kunne lense væske, og ikkje, ja, du veit…

…og så over til noko heilt, heilt anna

Ellers går det vekk til til masse her i gården. I dag er den førsta dagen sidan sist innlegg eg har følt meg i våken nok tilstand til å faktisk få ned nokre ord her på sida. Driver å mekker sammen eit par websider og skal denne (eller neste veke) byrje å drodle sammen ei ny skrift.

I tillegg så holder me (altså min store hugleik og meg) på med eit aldri så lite oppussingsprosjekt, så ikkje kom her og tru at eg ligger på latsida! :D

Ha ein strålande dag!


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional