Eberg

Lyst å høyre noko anna enn pop-en som går på VG-lista? Visst du i samme slengen likar Island og det det landet har å by på, inkludert dets yrande musikkmiljø, så er kanskje vekas artist noko å setja seg ned å høyre på av og til. Som tittelen så vakker forteljer, så heitter vekas artist Eberg.

Eberg er ein ny artist fr? Island som speler Pop/Electronica

Lyst å høyre noko anna enn pop-en som går på VG-lista? Visst du i samme slengen likar Island og det det landet har å by på, inkludert dets yrande musikkmiljø, så er kanskje vekas artist noko å setja seg ned å høyre på av og til. Som tittelen så vakker forteljer, så heitter vekas artist Eberg.

Som nevnt er Eberg islandsk. Genren artisten legger seg på er vel kalla pop, men det er også eit snev av electronica i songane eg har høyrt gjennom. Det vil seie, dei fem som er tilgjengelege for nedlasting frå sida. Av dei 5 songane eg har høyrt, er det vel songane Single drop from sea, Plastic Lions og Stupid Happy Song som skiller seg ut til å vere dei beste. Sistnemnte er ein artig liten sak verdt å få med seg!

Debutalbumet slapp han tidlegare i år, og det kalla han for Voff Voff. Her vil du finne mange fine pop-perler, vertfall det eg har høyrt gjennom dei små snuttane som ligger i iTunes Music Store. Albumet har f?tt ein god del gode anmeldelser, noko som eg m? sei meg enig i at stemmer.

Så om du har iTunes så må du søke og høyre etter Eberg, og kanskje få ein ide til neste CD-kjøp? Veit vertfall ka eg skal investere i neste gang Platekompisen openbarer seg foran meg, noko som den dessverre gjer litt for ofte…

Offisiell heimeside: www.eberg.net.

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.