Skriftsnitt: Parallello

parallello

Det er tyde­leg at kreativiteten min beg­yn­ner å stige til nye nivå igjen. Men det er kan­skje på tide med tanke på at det nær­mar seg slut­ten på første­gong­sten­es­ta og at det snart er tilbake i full jobb igjen. Som du kan sjå av biletet over så er det snakk om eitt nytt skrift­snitt. Det andre på under ei veke. I present to you — Parallello!

Denne har egent­leg ligget i bakhovudet mitt ganske lenge, heilt sidan ein kald vårdag på skil­tet. Skil­tet er då navnet på landgangsvak­ta på fre­gat­ten. Attmed meg låg det eit par paller, og på dei fleste var det brent inn ting og tang av større og min­dre betyd­ning. Men det var ei palle som inter­esserte meg meir enn dei andre. Ikkje for­di den var finare eller den slags, men rett og slett for­di den hadde eit ord — green — skrive med ei ganske kul skrift.

Så eg bestemte meg for at den skulle eg jam­men meg få laga ei skrift­snitt av. Det tok som nem­nt litt tid, men her er den vert­fall: Last ned Par­al­lel­lo, eller test den ut her før nedlasting.

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!