Knask på ein fredag: Oktober

Anten du likar marsh­mal­lows eller ei ser det ut til at japan­erne klar­er å lage eit heilt TV-show dedik­ert til denne spise­lege greia. Videoen over star­tar denne månadens knask-spalte her på sida mi. Enjoy!

Meiner folk du har tørr humor?

Etter å ha høyrt på NRK P3 for fyrste gong på ganske lenge, har eg no funne fram til ein måte folk då kjem til å mis­like humoren din i evigheitar framover. Radiore­sep­sjo­nen har eit innslag i pro­gram­met sitt (sendes måndag til tors­dag kl. 10 til 12) der dei pre­sen­ter­er eigne og innsendte one-linere. Desse har dei også sam­la i Norges STØRSTE one­lin­er­fo­rum tilgjen­ge­leg for alle og einkvar.

Artige reklamer

Når eg til dag­leg sur­far rundt på verdsveven etter nye design­sprell dukkar det opp artige ting og tang på min veg. Blant anna er eg ofte innom sider som vis­er gode, og av og til artige måtar å reklamere eller oppl­yse om ting.

Godt nytt år?

No er det kan­skje litt seint å ynskje alle eit godt nytt år, det er jo allereie vorten 9. jan­u­ar, men seier det likev­el. Dog, kor­leis veit me at det blir eit godt nytt år? Vil sola titte fram frå dei CO2-tunge skyene, og få all forureininga til å forsvinne? Vil alle ver­ta kvitt prob­le­ma dei på ein eller annan måte har rota seg bor­ti? Vert søk­je­funksjo­nen i OS X Leop­ard betre? Vil eg ven­na meg av å seie «Hei!», og heller seie «Ha det!» når eg avs­lut­tar tele­fon­sam­ta­lar? Vil ver­da ver­ta betre utan George W. Bush, eller? Og vil virke­leg iskrem vere iskrem, og har den ei framtid?

Designinspirasjon

I løpet av den siste tida har eg snubla over eit par nye sider som kan gi inspi­rasjon til mange grafiske-/web­de­signere der ute i det store intet. Eg har opp­datert link-arkivet mitt med nye inspi­rasjon­skilder for både ditt og datt.

Windows Vista: Revolusjon?

Neppe. Det er vel desse videoane eit humoris­tisk bevis på. Lyden på videoane er hen­ta frå då Bill Gates og Microsoft pre­sen­terte dei nye funksjo­nane til deira neste oper­a­tivsys­tem. Sjølve video­bile­ta er hen­ta frå ein Mac og OS X for å vise at desse funksjo­nane allereie har vore brukt av mac-brukarar i lang tid…