Nokon gong lurt på kor mykje dei store verksemdene der ute tener i minuttet? Ved å gå til denne sida, får du svar. Eg kan røpe såpass mykje at til dømes Apple tener $985 180 på same tid som du kikkar deg gjennom den mest sette kattevideoen på YouTube… Noko å fundere over der, ja…
Kategori: Datateknologi
Kategorien for diverse finurlegheitar innan datateknologien.
No kan du ringe til nøklane dine
Er du lei av å måtte leite etter nøklane, lommeboka, sykkelen eller BH-en di? Du har vel vore inne på tanken om å berre kunne ringe til tingen, men skyvd vekk tanken sida det er heilt umogleg… Då har eg eit skikkeleg gladnyhende til deg i dag! No kan du faktisk finne den ved hjelp…… Continue reading No kan du ringe til nøklane dine
Facebook sine mange andlet
Facebook har mange brukarar. Særs mange. Tanken på å samla dei på ei enkelt nettside verkar kanskje umogleg. Men, nei, det er faktisk mogleg. Berre sjekk ut nettsida The Faces of Facebook og du kan bla deg gjennom alle dei 1 269 902 667 andleta ved berre å flytte datamusa over skjermen…
For all del, bland deg inn!
Lei av å nytte verdifull tid på å leite opp ikon på nettet når du held på med eit nytt design i Photoshop? Ikkje leit så mykje meir. Bruk heller innstikket BlendMe.in! Innstikket er gratis, inneheld tusenvis av ikon og det er berre til å dra elementa frå verktøysboksen og inn i designet ditt.
Du og din telefon, til all æve. Amen.
http://www.youtube.com/watch?v=oDAw7vW7H0c Gløym iPhone, Android, Windows Phone og andre smarte og dumme telefonar. Kvifor ikkje satse på ein telefon som du kan bygge og tilpasse sjølv, i tillegg til at du kan bytte ut delane etter lyst og behov? Sjekk ut Phonebloks — telefonen som i motsetnad til alle andre kan vara evig! Sjekk ut denne…… Continue reading Du og din telefon, til all æve. Amen.
La oss skifte tema…
Det er haust og tanken er å starte med meir eller mindre blanke ark når det kjem til bloggen min. Eg har lenge tenkt å forandre på bloggdesignet, men tida strekk ikkje til når det er ein perfeksjonist i førarsetet.
Det nye eplet
Apple inviterar til konferanse. Folk sitrar i spenning. Mockups og konsepter oppstår i kreti og pleti. Kva vert presentert? Kjem det ein revolusjon, evolusjon eller berre småpirk? Eg har kort oppsummert mine tankar rundt det dei hadde å koma med på deira WWDC-presentasjon i går kveld.
Knask på ein fredag: Mai
Det er siste dag i månaden med flestfridagar, men sidan det er fredag er det klart for litt deilig knask! I dag kan du lese om alt frå gode gamle GIF-animasjonar til folk som vert smidd i hymens lenkjer.
Lyst å sjå dagen i perspektiv?
Synest du dagen går treigt, eller at det er lenge sidan sommaren? Vel, i dag har eg ei nettside som kanskje kan setje dagen litt meir i perspektiv for deg…
Knask på ein fredag: Mars
I knasket frå mars finn ein mange små og store godbitar. Alt frå tips til korleis ein kan ha det i heimen til finurlege digitale oppfinningar. Velkomen inn til nye knask!