Det er ein ufyseleg tanke, men enkelte gongar er ein nødt til å skuffle møkk. Det er faktisk meir enn ein måte å få dette til på, men ikkje alle er like enkle og økonomiske. Du kan alltids nytte Parallells, VMWare og Boot Camp, men desse krever som regel at du har ein Windows-versjon liggjande å slengje. Sjølvsagt, om du allereie har desse «pakkane» liggjande på maskina er det nok ein av dei greiaste metodana for å sjekke nettdesignet i.
Nettsideskjermdumpprogramvare

Skal du berre sjekke visninga av ei side er det nesten likegreitt å nytte tenester som IE NetRenderer eller Adobe sin BrowserLab. Desse krev ingen installasjon (sett at du har Flash til sistnemnde) og er ein grei og rask metode å sjekke nettsida i Internet Explorer versjon 5.5/6 til 9.
Vinsmaking, anyone?
Skal du derimot sjekke litt meir djuptgåande funksjonar, og ikkje har allverda med økonomiske midlar, finst det eit greit alternativ. Denne krev installasjon og ikkje alle versjonar av nettlesaren lot seg installere like lett.
Slik går du fram for å få Internet Explorer på din Mac:
1. Gå på polet og skaff vin
Last ned WineBottler. Opne .dmg-fila og legg til både Wine og WinBottler i Programmer-mappa di som vist under:
2. Installer Internet Explorer
Programmet kjem med nokre eksisterande «pakkar» som gjer installasjonen til ein leik:
3. Køyr Internet Explorer!
Ja, det skulle vere det.
Mi erfaring
Sidan denne er i beta er det som nemnt ikkje alt som virkar heilt perfekt. IE7 fungerte greit hjå meg (denne var den viktigaste for dette designet), men sleit litt med versjon 8. Versjon 6 er eit sorgens kapittel, så den rørte eg ikkje.
Di erfaring?
Har du andre metodar for å sjekke nettsidene dine? Eg vil gjerne vite om dei!