Born og ungdom med dette ekstra kromosomet er som nemnt ei fantastisk kjelde til energi og inspirasjon. Dette har eg sjølv erfart gjennom å vere med på leirar arrangert av Barnehjelpa i Røde Kors her på Stord. Du skal leite lenge etter å finne mennesker som gir meir av seg sjølv enn nettopp desse!
Conny Wenk er ein fotograf som gjennom sitt bidrag til Project 365 har klart å fanga augeblinken «på film» og samla bileter frå kvardagen til born med Down syndrom — born med det litle ekstra.