Knask på ein fredag: Mars

Det er fredag morgon og tida er inne for å førebu seg til helg — eller rett og slett lade opp batteria før ein ny hektisk arbeidsveke… Godt er det uanskvett å få litt knask til inspirasjon!

Tenk så lite som mogleg

Less is More er det jo eit kjent uttrykk i designbransjen. Det er nok utgongspunktet for både pakningsdesigna, nettsidene og anna relevant design for emnet presentert av Francesco Mugnai på bloggen Think Minimal.

Under skyene

Below The Clouds er ein av dei største svenske bloggane som omhandlar design i ein eller annan form. Rikhalding innhald som famnar einkvar som har sansen for det litle ekstra. Vel verdt eit besøk!

Ekte kvardagsfilm

Folka bak iPhone-applikasjonen Everyday vil dokumentere våre allereie godt dokumenterte liv endå meir. Du tek eit bilete kvar dag og endar tilslutt opp med ein ekte kvardagsfilm av deg sjølv. Dette er altså dokumentering på ein litt meir grafisk og underhaldande måte enn det Datalagringsdirektivet kjem til å gjere…

Skrift + OpenType = Diagram frå himmelen?

Kor mange gongar har ein ikkje rive seg i håret for å få dei mest perfekte og finaste kakeformene i designet sitt? Etter min minimalististe mengde med hårstrå i toppen, er det ikkje få…. TK Type har med dagens moglegheitar innanfor typografi og OpenType utvikla ei eiga skrift, Chartwell, som let ein få visualisert enkle daga og reknestykker ved hjelp av nokre tastetrykk på maskina. Vert du lei av kaker, kan du alltids få dei i kubar eller liner…

Brushsett den 3dje.

Function presenterar eit nytt sett med fantastisk slitte brusher til Photoshop. Dei er gratis, men dei set nok pris om du donérar ein liten slant!

Relativt sosiale ikon

Tom Bryan har kreert nokre vakre, vektoriserte og relativt sosiale ikon til bruk i alle typar design. Kjøp dei for den summen som passar deg best — alle inntekter fram til og med 30. april går til hjelpearbeidet i Japan. Fin fyr!

Jaha, så var det helg att att att…

Her på nettsida kjem det plutseleg noko større enn stort… Mellombels bør du nyte vêret, eller sving innom Stord for mykje god terapi for øyro!  God helg!

3 Comments

Har diverre ikkje fått testa den ut, men etter det eg har høyrt og det eg har lese på sida funker den nok 99 % om ein skal ha dette i mente

Trur eg skal leggje inn forslag om innkjøp av slike skrifter i forhandlingane om løn. DET hadde vore noko!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.