Skal det vere ein «The»?

Kven har vel ikkje sett ein kul plakat, filmtittel eller ei annonse med typograferte element som ein synst var eit syn for augo? I dagens luke møter du ein som har tatt det eit steg vidare.

I «The» project er målet å finne spennande utgåver av ordet «The». Utgongspunktet kan som nemnt i introduksjonen vere plakater, filmtitlar eller anna som kan vere av antikvarisk verdi. Mannen bak, Robb Ogle (Hound of the Lettering), tek dette vidare og skapar vektorgrafikk av det.

Resultatet vert ein bunke av namnetrekka til fri nedlasting for alle som måtte ynskje, eller ha bruk for det!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.