Episk typografisk fotostraum

I dagens luke skal eg presentere deg for ein fotostraum på Flickr som er verdt å få meg seg om du er over middels interessert i typografi og design.

Francesco Franchi er ein kar som er ein meister på å uttrykke seg typografisk i sine design. Du finn ikkje så mykje på heimesida hans (den er visstnok under rehabilitering eller noko), men på hans fotostraum på bilettenesta Flickr kan du få eit visst innblikk i kreativiteten og dyktigheita hans. Nokon seier den er episk. Eg er ikkje heilt ueinig akkurat…

Skulle gjerne hatt oppdrag eg slepp å tenkje så mykje på tidsfristar og timespris slik at eg kan setje meg ned å kreere noko like spektakulært!

2 Comments

Er ikkje mange julekalendere eg har tid og lyst å følgje med på. Min eigen er eg jo nærmast «tvungen» til å følgje, men har eit par andre som er vorten ein tradisjon å følgje :D

Kjekt du vil følgje min!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.