Typografi til folket!

Det er ein skog av tekst der ute, og det vert ikkje min­dre av det for kvar dag som går heller. Då er det særs vik­tig at den tek seg typografisk godt ut om den skal ver­ta lagt merke til i mengda.

For å starte rett på, får du eit sitat som ikkje kunne vore meir på spik­eren når det gjeld å finne den rik­tige skrif­ta til pros­jek­tet ditt:

Pro­tip for find­ing good fonts: Delete all your shit­ty ones.
Liam McK­ay

Typografi er ikkje det same som topografi…

Om du sit i sol­stolen og lurar på kva typografi er, kan gjen­gen frå The Art Insti­tute of Cal­i­for­nia fortel­je deg alt om dette i musikkvideoen under. Har du lyst å syn­g­je med kan du også finne songtek­sten på nettstaden for pros­jek­tet.

Ikkje din type?

Eg har ein forkjær­leik til t‑skjorter med eit teit eller artig bud­skap og i sær­leg grad dei som viswr bud­skapet via tekst. Om Ari­al, Times New Roman eller Com­ic Sans ikkje er din type, stikk inn på _not my type og skaff deg eit heftigt antrekk i form av ei t‑skjorte eller ein hettegenser.

Møt din type!

Om du føler at t‑skjorter ikkje er din type uttrykks­form for typografi, sjekk heller ut dette 52-siders heftet hjå Font Shop. I dette heftet, som du både kan sjå på net­tet eller kjøpe i fast form, finn du mengder av inspi­rasjon og veiled­ning for å finne fram til den store «hugleiken»: Typografien.

Ingen grafikk betyr meir plass til tekst

Treng ei nett­side grafikk? Både ja og nei, men det som gjelder for ei nett­side er generelt det å formi­dle eit bud­skap. Det vik­tig­ste for Ryan Urban og hans enkelt­manns­føre­tak fringe. er defin­i­tivt det å formi­dle eit bud­skap utan å nytte grafikk.

Gratis er ein fin eigenskap

Sjølv om man alltid skal belønne den kreative biten av skrift­de­sign, er eg glad i å finne gode skrift­ty­par som man kan laste ned gratis og til meir eller min­dre fri bruk. Under har eg sam­la enkelte du kan nyte i ditt neste prosjekt:

Dekar

Skrif­ta Dekar kan du laste ned og bruke til kva du vil (les gjerne denne PDF-en), og sidan den er Open­Type funker den like bra på PC som Mac. Fin er den også.

Deja Rip

Deja Rip er ei lekker skrift med mange bruk­som­råder, men kostar litt småpeng. Fortvil ikkje! Det som er så fint med denne, er at du  men du kan laste nettvari­anten av skrif­ta heilt utan kost­nad! Sjekk ut Deja Web her!

Arcus

Arcus er nok ei lekker skrift, og du kan kjøpe/laste ned stan­dard og kur­siv-utgåvene av denne skrif­ta hjå MyFonts. Makan til giverglede!

Ampersand

Det er sjel­dan du finn gode og fine skriveskrifter installert på din data­maskin når du kjøper den. Com­ic Sans og Brush Script er verke­leg ikkje noko å bruke om du vil at plakat­en, dik­tet eller kva du lagar til, skal skil­je seg ut i meng­da. Det finst mange gode hand­skrifter der ute som du kan nytte deg av, gratis! Amper­sand er ein av dei du bør ha på mask­i­na di før du slår den av i dag. Den er enkel, men bug­nar over av særeigenheit!

By Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!