Knask på ein fredag, veke 6

Som den roman­tik­eren eg er dagens knask fullt og heilt dedik­ert til klis­sete klisjéar og roman­tisk roman­tikk. Valen­tines dagen er to dagar unna, og har du ikkje allereie sta­bla noko saman til din kjære, er kan­sje tida  inne for det. Innvendin­gar mot dagens tema kan ret­tast i kom­men­tar­fel­tet…

Inspirasjon i massevis!

I avdelin­ga for vek­tor­grafikk hjå Tuts+ kan du finne illus­trasjonar som kan­skje kan gagne dine kreative sider og imponere sin kjære stort.

Om den ovan­nem­nte lenk­ja ikkje var nok inspi­rasjone, kan eg tipse deg om at nettstaden Abduzee­do også har ein del gode inspirasjonsillustrasjonar/bileter å vise deg!

Datakunnskapar er hjarteleg velkomen!

Det skal ikkje vere lett å vere sekretær med lite datakunnska­par i desse dagar, i vert fall om denne teik­nestri­pa vis­er den generelle stan­dar­d­en innan den nem­nte arbei­ds­grup­pa…

Mykje lys, mykje varme…

Hos Etsy kan du han­dle myk­je rart, blant anna pro­duk­ter med hugsleiksmo­tiv, som for eksem­pel hand-i-hand-vot­ter. Det er kan­skje litt for seint å bestille ting her­ifrå, men du kan ta det som eit tips til neste år? Om du ikkje er ein rac­er på å strikke, då sjølvsagt…

For dei som tek den heilt ut…

Over­skrif­ta er kan­skje litt frekk når du ser kva temaet omhand­lar, men den kom så natur­leg at eg berre måtte bruke dei orda… Uansett er denne sida full av inspi­rasjon til kor­leis du kan over­raske din kjære på soverom­met – deko­ra­tivt sett…

Ikoner til fri benytting

Icon Eden har vore så gilde at dei tilbyr ei røys av ikon­er med roman­tisk uttrykk til gratis ned­last­ing frå si side!

Når man er i det romantiske hjørnet…

For dei som ynskjer å «pynte» på sitt dig­i­tale skrive­bord, finn du ein god del bak­grun­nar på denne siden.

Ha ei ekstra roman­tisk helg folkens!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: