Knask på ein fredag: Oktober

Angrehalsband

At det ikkje er så myk­je knask på tapetet mitt i dag har ikkje noko med at det vert min­dre og min­dre å vise fram frå net­tet, men heller det at eg ikkje heilt har hatt tid til å sufte på dei store Inter­net­tbøg­jene siste månaden…

Osloposters

Osloposters

Oslo­posters er ein facinerande nettstad som pre­sen­ter­ar ein stor del av alle plakater som henger rundt om kring i Oslo sine gater. Inspir­ert av Jarr Geerligs sin foto­strøm på flickr. Fif­fig! Kjem det ein for Bergen? Eller Stord? Me kan berre vente i spen­ning!

Grafix Studio

Grafix Studio

Anto­nio Riveras driv dette stu­dioet mut­ters aleine, men ser du på hans porte­føl­je kan det virke ut til at han klar­er det alde­les strå­lande! Ein mann med gode kunnska­par innan vevde­sign og illus­trasjon.

atebits

atebits

I til­legg til å sjå bra ut, inneheld nettsi­da til atebits god­sak­er for deg med Mac og iPhone. Du finn blant anna den pop­ulære Twit­ter-app­likasjo­nen Tweet­ie her.

GigPress

GigPress

Gig­Press er no nyleg (29. sep­tem­ber) lansert i utgåve 2.0, og i den anled­ning har Derek Hogue også fått eit feiande flott og nytt design til nettstaden. Gig­Press er eit innstikk til Word­Press som kan nyt­tast som ein hend­ingsover­sikt for både artis­ter og andre organ­isas­jonar. Eg har bidrege med norsk over­set­ting.

På tampen…

Sidan eg i dag pre­sen­ter­er min­i­malt med knask, anbe­falar eg deg å besøke Web­de­sign­er Depot sin over­sikt over 100 nettstad­er med illus­trasjon som hov­udele­ment før du tek helg!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: