Skapelsen

Hoppsannsa!

Fekk denne tek­sten på ein e-post av ein kol­le­ga her om dagen. Eg trur det var ein grunn for at han gjorde det, men eg kan ikkje heilt skjønne kvi­for. Du får lese og hjelpe meg…

Først skapte Gud ese­let. Gud sa til ese­let:
— Du er eit esel. Du skal slite og slepe dagen lang og ver­ta kalla dom i hov­udet. Du kom­mer til å leva  i 20 år.

Ese­let svarte:
— Uff då, det høyres ikkje ut som noko bra liv. Kan me ikkje seie at eg berre skal ver­ta 5 år gamal?
Gud aksepterte Ese­lets forslag.

Så skapte Gud hun­den. Gud sa:
— Du skal kallast hund, leva eit liv i under­kas­telse, ete restar frå mid­dags­bor­det og vok­te huset. Du skal leva i 35 år.

Hun­den sa:
— Oi, det vert kan­skje ikkje så gøy. Kan eg ikkje berre få ver­ta 15 år istaden?
Gud aksepterte hun­dens forslag.

Deretter skapte Gud papegøya. Gud sa:
— Du skal kallast papegøye. Du kjem til å sit­je i eit hjørne og gjen­ta alt som vert sagt, til stor irri­tasjon for alle. Du vert 75 år gamal.

Papegøya undra seg:
— Det høyres veldig ens­formig… Kan me ikkje berre seie 50 år?

Gud aksepterte papegøyas forslag. Til slutt skapte Gud man­nen.

Gud sa:
— Du er eit men­neseke, ein mann! Du skal ha eit bra liv. Du er klok og intel­li­gent, så du kjem til å bestemme her i ver­da. Du skal ver­ta 20 år.

Man­nen svara:
— Det høyres jo ut som eit bra liv, me kan det ikkje vare litt lengre?
(No vis­er man­nen for fyrste gong eit bevis på hans intel­li­gens)
— Kan eg ikkje få dei 15 åra som ese­let ikkje ville ha, dei 20 som hun­den tak­ka nei til, samt dei 25 som vart til overs etter papegøya også?

Gud aksepterte man­nens forslag.

Difor lever man­nen eit her­leg liv til han er 20 år. Så gif­tar han seg, for å slite og ta tunge bør­er i 15 år og ver­ta kalla dum i hov­udet. Deretter må han under­kas­ta seg den øvrige fam­i­liens behov, leve på rester frå bor­det og vok­te huset i 20 år. Dei siste 25 åra av sitt liv sit han i eit hjørne og gjen­tar alt som folk seier, til stor irri­tasjon for men­nes­ka ikring han…

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: