Takk Sigur Rós!

Live p? Sentrum Scene.

Det blei bra. Veldig bra. Betre enn eg hadde for­ven­ta, om eg skal vere heilt ærleg. Kon­serten med Sig­ur Rós på Sen­trum Scene i Oslo i går var noko utanom det van­lege, og vel­ter inn på andreplass på mi topp 5 over beste kon­sert­er!

På førsteplassen troner fort­satt Radio­head sin kon­sert i Oslo Spek­trum i 2001, men det er irrel­e­vant her og no. No er det Sig­ur Rós det hand­lar om…

Ein nesten full­satt sal kunne h?yre Björk-inspir­erte Kate Havnevik (aktuell med pla­ta Melank­ton) få opp stemninga. Etter ein kort pause kom strykek­vartet­ten til hov­ed­ban­det på sce­na og kreerte dei mest drøm­mande og til tider meget artig kom­pon­erte melo­di­ar. Ami­ina er nam­net om du er inter­essert i det ;-)

Etter ein og ein halv time med opp­varm­ings­ban­da, entra Sig­ur Rós sce­na bak eit stor kvitt forheng. Var lenge redd dei skulle spele heile kon­serten bak dette, etter­som dei spilte første og litt av den neste, mens forhenget skilte dei frå pub­likum. Men nei, det var heldigvis ikkje til­fel­let. Poenget med forhenget var å få visuelle effek­ter fram, noko som til ei viss grad fungerte veldig godt.

For dei som har høyrt dette ban­det før, eller vore i det sel­skap å fak­tisk ha vore på kon­sert med dei, veit at resten av kvelden var til dei grad­er ein heftig opplevelse! Det er vanske­leg å fork­lare, det må nesten oppl­ev­ast, men stemninga var ei bland­ing av troll­sk og drøy­man­des. Sjekk forøvrig video­er frå ban­det her.

Avs­lut­nin­gen var noko utanom det van­lege. Vert­fall om det kjem til lyd­nivå. Berre spør øyro mine. Det var ein orgas­misk (hehe) fram­førelse av unti­tled 8 (arbei­d­stit­tel: pop­plag­ið) frå albumet (). Delvis fram­ført bak det allereie nem­nte forhenget.Alt i alt ein meget vel­ly­ka og fan­tastisk kon­sert! Man trenger ikkje be meg to ganger om ban­det kjem tilbake til Norge!

Anbe­faler å kjøpe musikken og drømme seg vekk!

Published by Espen Morten Kvalheim

Ein liten kar frå sommarøya Stord som likar det meste innan design, typografi og det som rørar seg på nettet. Nynorsk er min ven!

%d bloggers like this: