-
Takk Sigur Rós!
Det blei bra. Veldig bra. Betre enn eg hadde forventa, om eg skal vere heilt ærleg. Konserten med Sigur Rós på Sentrum Scene i Oslo i går var noko utanom det vanlege, og velter inn på andreplass på mi topp 5 over beste konserter!
-
Sigur Rós i Oslo
I mangel på mogelegheitar til å komme meg på dei festivalane eg hadde sett for meg i år, må eg mette meg på konserter som går. Og når ei gruppe som Sigur Rós entrer scenen, så er eg ikkje vanskeleg å be! 27. juni er datoen og Sentrum Scene er plassen å vera.