Knask på ein fredag: November/​desember

Lyst å imponere ein pingvin?

Impress A Penguin

Penguin Press i London ser etter dyktige folk til stallen sin. Dei har nemleg ein pingvin som gjerne skulle hatt fleire å leike saman med, slik at fleire les bøkene deira — og får deg til å snakke om dei. Imponer ein pingvin her!

Leik med dine vener

http://www.youtube.com/watch?v=kPbDW_Y72Aw

IKEA har laga ein artig liten video for å vise kva ein kan gjere med gode vener i alle fargar og fasongar. Handlinga føregår sjølvsagt i ein særs IKEA-inspirert heim... Fin song har den også!

Touch me!

Gestures Icons

Lagar du appli­ka­sjonar på dippe­duttar med berørings­skjerm? Slit du med å finne riktige og passande ikoner for å vise korleis appli­ka­sjonen virkar? Då treng du ikkje leite lenger enn desse fantas­tiske ikona av Prekesh Chavda. Invester ved å klikke her!

Prima-vare!

Prime-Icon

Dersom du ikkje lagar noko for berørings­skjerm med for vanleg skjerm eller på papir, kan Prime-ikona frå same person (altså Prekesh Chavda) vere noko for deg. Sjekk dei ut og kjøp Prime²-settet her så får du fyrste settet gratis!

Plenty of Oil

Denne videoen treng ingen tekst — den må sjåast. Både når det gjeld innhal og anima­sjonar!

Måleri eller fotografi?

Gina Heyer

Dersom du er ein habil kunst­målar bør du absolutt ta ein titt på fotografia, eh, eg meiner måleria, til Gina Heyer. Dei er så fotografisk gode at ein nesten må studere dei med forstør­rel­sesglas før ein trur det. Makan!

Barnemat

Barnemat

Me avsluttar årets siste knask med noko, eh, knask. Det du ser over er eit røntgen­bilete av eit lite barns hovud, rett før mjølke­tennene fell ut. Dette kan vel trygt seiast å vere skumlare enn alle Alien-filmane til saman.

Ha ein fin kveld, og sov godt!